Hopp til innhold

Stal 500 reveskinn i Gloppen

For tre år sidan stal tjuvar pelsdyrskinn for over 400 000 kroner. No har det skjedd igjen.

Uvedkommande har i perioden 18. februar til 27. februar brote seg inn på ei løe og stole kring 500 reveskinn frå ein oppdrettar i Breim.

– Vi har vore på staden i dag, og ynskjer tips frå publikum som kan ha sett noko, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt sin operasjonssentral.

Nytt raid

Den samla prisverdien er vanskeleg å vurdere ettersom skinnprisen for blå- og sølvrev er ulik. I det siste har blårevskinn gått for kring 900 kroner, medan skinn frå ein sølvrev går for kring 1 400 kroner.

Prisane er høgare enn på lenge og gjer at tjuveriet representerer mellom 400 000 og 700 000 kroner.

Tjuveri i Hallingdal

Det er vel månaden sidan to pelsdyrfarmarar i Hallingdal vart fråstolne over 400 reveskinn. Vitne skal då ha observert ein lys varebil som politiet ynskte meir informasjon om.

Då fem pelsdyroppdrettarar fekk ubedne gjester i midten av januar 2009, forsvann kring 470 reveskinn til ein samla verdi på over 400 000 kroner.