Hopp til innhold

Tjuvane stakk av med verkty for kring 100.000 kroner - politiet ber publikum om tips

– Dette er slikt som gjer oppstarten etter ferien problematisk, seier dagleg leiar Sverre M. Stensæth om tjuveriet Gravdal Bygg er utsett for.

Innbrot i bygg under bygging på Vie i Førde

INNBROT: Tjuvane fekk truleg med seg verkty for kring 100.000 kroner.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Politiet står førebels utan både spor og tips etter at uvedkommande i helga tok seg inn på ein byggjeplass i Førde.

Blokka er den siste av sju som Gravdal Bygg har hatt under oppføring på Vie. Tjuvane har i alle fall vore innom fem av leiligheitene.

– Vi har førebels ikkje fullstending oversikt, men det er truleg snakk om elektriske verkty og spesialverkty for kring 100.000 kroner, seier dagleg leiar Sverre M. Stensæth.

Håpar på tips

Tjuveriet skjedde etter arbeidstid fredag, men før arbeidarane kom på jobb att måndag. Stensæth, som sjølv er på ferie, seier tilsette har avbrote ferien for å få ei oversikt over kva som er bortteke.

No håpar han at bebuarar i naboblokkene, eller andre, har fått med seg mistenksam framferd som kan føre til oppklaring.

– Det må ha skjedd på kveldstid eller nattestid. Vi er veldig interessert i tips som kan føre til opplysningar, seier han og legg til at også underentreprenørar er råka av tjuveriet.

Profesjonelt preg

– Dette er utruleg kjedeleg og noko som gjer ting litt problematisk ved oppstart etter ferien, seier Stensæth og mistenkjer at det er tale om profesjonelle tjuvar.

– Det er fellesferie og dei veit vel kor tid dei skal slå til for å få med seg mest mogleg usett. Dei har hatt godt verkty for å klippe opp spesiallåsar og kjettingar til containerar og bygget, seier han.

– Får dette følgje for prosjektet?

– Nei, det vil det ikkje få.