DELTE UT PRIS: Erlend Blaalid Oldeide delte ut Publikumsprisen under kveldens filmgalla.
Foto: Inge Kjell HolmePRIS NUMMER TO: Elias Engevik var ikkje tilstades under utdelinga i Sogndal i dag. Arkivfoto
Foto: Britt Kristin Ese / NRKNær 1800 røyster kom inn under avstemminga til Publikumsprisen som blir arrangert i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane. Prisen blei delt under gallakvelden til Sogndal Filmfestival i kveld.
Elias Engevik fekk 31 prosent av røystene for «Øyriket Solund» der han viser fram heimkommunen der han er oppvaksen og har budd heile livet.
Øyriket Solund konkurrerte med 10 andre filmar om å bli førstevalet til publikum. Premien er eit speilreflekskamera til ein verdi av 8000 kroner.
Filmen om heimkommunen hans stakk av med same pris under Qfilm på Sandane i haust. Dermed har krikar og krokar i kystkommunen sikra Elias Engevik mykje heider og ære.
- LES OGSÅ:
Her kan du sjå vinnarvideoen:
(Artikkelen held fram
SJÅ VINNARFILMEN: Øyriket Solund fekk 31 prosent av røystene og Elias Engevik vann Publikumsprisen.
To filmskaparar vann seks prisar
Men det blei også delt ut andre prisar under årets gallakveld i Sogndal. Over 50 filmar var påmelde til festivalen og prisutdelinga gjekk føre seg i Sogndal Kulturhus måndag kveld.
To filmskaparar fekk heile seks prisar. David Underdal (24) frå Underdal og Jonas Flaten 18) frå Hafslo blei mestvinnande i kortfilmkonkurransen på årets Sogndal Filmfestival. Begge stakk av garde med tre prisar kvar.
Flaten som til dagleg går på medielinja på Sogndal vidaregåande skule, vann prisen for beste sportsfilm saman med Torkjell Venjum. Flaten vann også prisen for beste animasjon og beste etterarbeid.
(Artikkelen held fram under videoen)
TRE PRISAR: David Underdal har laga filmen «Valkyrjen» og fekk tre prisar for arbeidet med den. Foto: Erlend Blaalid Oldeide.
Laga beste fiksjon
Lærarstudenten David Underdal har dedikert seg til filmen etter at han for nokre år sidan gjekk ut frå medielinja i Sogndal. Det resulterte i tre prisar i kveld; Seniorprisen, Fagjury/Sparebank Vest-prisen og prisen for best fiksjon med filmenn «Valkyrjen».
– Eg er svært overraska og overlukkeleg, seier Underdal.
I grunngjevinga seier juryen at regissøren ut frå manus og ide maktar skapa ei virtuell verd som tek sjåaren med inn i ei dramatisk forteljing, der grensene mellom fiksjon og røyndom blir viska ut.
Juniorpris tok Hollywood til Sogndal
VANN JUNIORPRISEN: 16 år gamle Gjest Ingeson Kvåle (th) vann pris. Her saman med tv-assistent Jakob Årøy.
Foto: Inge Kjell Holme16 år gamle Gjest Ingeson Kvåle vann juniorprisen med filmen U.F.O. Kvåle som kjem frå Sogndal har flytta Hollywood til bygda.
– Med gode skodespelarprestasjonar, effektar og kreativitet blir resultatet ein
svært underhaldande film, skriv juryen i grunngjevinga.
Beste dokumentar til Nord-Norge
Anette Hagen frå Harstad vann prisen for beste dokumentar. Ernst Kamalov frå Molde fekk prisen for beste regi og manus med filmen ”Brist”.
FEKK BLOMAR: Nestleiar Jan Olav Fretland i fylkeskulturutvalet overrekte blomster til festivalsjef May-Tone Høyheim.
Foto: Inge Kjell HolmeFestivalsjef May-Tone Høyheim tykkjer det har vore ei flott gallakveld.
– Det har vore kjempekjekt, lærerikt og kvelden var fabelaktig. Det er mange som har stått på for at kvelden skulle bli bra, seier ho.
Jury for Sogndal filmfestival var i år: journalist/fotograf Håvard Nesbø (leiar), filmfotograf/fotograf Bjørn Bergum og student Elling Bjarneson Venjum.
Her kan du sjå nokre av vinnarane:
U.F.O: 16 år gamle Gjest Ingeson Kvåle vann juniorprisen med filmen U.F.O. Kvåle som kjem frå Sogndal har flytta Hollywood til bygda.
BRIST: Ernst Kamalov frå Molde fekk prisen for beste regi og manus med filmen ”Brist”.
VALKYRJEN: David Underdal vann prisar med denne filmen.