NRK Meny
Normal

Stakk av med hanskane til politiet

Ein motorsykkelpatrulje frå politiet vart onsdag morgon eitt hanskepar fattigare. No ber politiet syndaren, eller syndarane, om å levere dei tilbake.

Politimotorsykkel

MANGLA: Då politiet la seg på hjul etter ein bil i Svelgen, nytta uvedkommande høve til å stikke av med skinnhanskane til patruljen.

Foto: Privat

Det var i samband med trafikkontroll på fylkesveg 614 ved Svelgen Barne- og ungdomsskule i Bremanger at hanskane forsvann.

Hanskeparet vart liggande att på staden då patruljen følgde etter ein bil.

– Patruljen køyrde etter for å skrive forenkla førelegg til ein bilist som ikkje stogga for eit gangfelt. Hanskane var borte då patruljen kom attende, fortel operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

På politiloggen vert den eller dei som har teke hanskane oppmoda om å levere dei til næraste lensmannskontor.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.