Hopp til innhold

Stakk av frå trafikkuhell

Ein bilførar er mistenkt for promillekøyring etter at han seint laurdag kveld stakk av frå eit trafikkuhell i Førde.

– Det skjedde ved Statoil-stasjonen i Førde sentrum. Eit trafikkskilt var køyrt ned, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vedkommande vart raskt funnen att av politiet og framstilt hos lege for blodprøvetaking.

Litt seinare, klokka 01.25, måtte ein patrulje i Måløy rykke ut til ein valdsepisode utanfor ein utestad. Ein mann i 40-åra vart skalla ned av ein mann i 30-åra. Fornærma vart ikkje fysisk skadd, men vil melde saka. Mistenkte vart vist bort frå Måløy sentrum.

Laster Twitter-innhold

Seinare på natta kom ein politipatrulje i Florø over ein ungdom i det han knuste eit vindauge i eit busskur. Vedkommande erkjente forholdet.

Halvanna time seinare, klokka 03.14, fekk politiet melding om skadeverk på ein bil som stod parkert ved Flora barneskule. Her var bakruta knust.

Politiet har i løpet av natta kontrollert bilførarar i Vik, på Vangsnes og i Måløy. Alle hadde alt på stell.