Hopp til innhold

Stakk av – politiet trur han var rusa

Ein bil med tre menn køyrde seint måndag kveld i grøfta i Gaular kommune. Føraren stakk av frå staden.

Politibil

STAKK AV: Føraren av ein bil som køyrde av vegen stakk av, og politiet ber no om tips i saka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi mistenkjer at mannen var rusa, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.

Bilen tok av frå E39, og var på veg mot Alværa/Døskeland bruk då han køyrde av vegen.

– Det er uvisst kva fart bilen hadde, men ingenting tyder på at nokon har vorte skada, seier Hatlenes.

Stakk av frå staden

Politiet veit kven føraren er, men ikkje kvar han er for augneblinken.

– Dei to andre vart funne i nærområdet, men dei var og er lite samarbeidsvillige, seier Hatlenes.

Bilen stod på ein slik måte at han ikkje kunne køyrast vidare.

– Føraren har gått frå staden. Vi tek gjerne mot tips, seier Hatlenes.

Politiet har telefon 02800.