Hopp til innhold

Stakk av frå politiet i 171 km/t

I staden for å stogge, gav motorsyklisten gass og stakk av frå politiet i 171 km/t. No er ein mann i 20-åra dømd.

Illustrasjon

HØG FART: Politiet greidde aldri å ta igjen motorsyklisten som råkøyrde i Vågsøy i juni 2015. Illustrasjonsbilete.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det var i juni 2015 at politiet starta klappjakta på motorsyklisten som i vill fart stakk av frå trafikkontrollen i 80-sona ved Allmenningen i Vågsøy.

Politiet la seg på hjul og brukte både sirener og blålys, men makta aldri å ta att motorsyklisten.

Nyleg møtte mannen som politiet meiner førte motorsykkelen i Fjordane tingrett. Medan politiet la ned påstand om fengsel i 21 dagar og tap av førarretten i 36 månader, kravde forsvarar full frifinning.

Mannen nektar for å ha køyrt sykkelen, men erkjende å ha kjøpt ein uregistrert sykkel berre nokre dagar i førevegen. Ifølgje rettsboka nekta mannen i det vesentlege å svare på spørsmål frå både aktor og medlemene i retten. Han har heller ikkje forklara seg særskilt ovanfor politiet.

Politibetjenten som gjennomførte målinga kjende seg trygg på at det var den aktuelle sykkelen han såg. Dette vart støtta av både bildebevis frå den tidlegare eigaren og ein video som vart tatt opp ein tilfeldig bilførar som hadde kamera installert i sin bil.

Mannen i 20-åra er i Fjordane tingrett dømd til 28 dagar i fengsel og må klara seg utan førarkort i 35 månader. I tillegg må han betale 8000 kroner i saksomkostnader.