Hopp til innhold

Stakk av frå politiet – no er han dømd

Mannen som stakk av frå politiet på ferjekaia på Vangsnes er no dømd til 90 dagar i fengsel.

Vangsnes ferjekai

STAKK AV: Her på Vangsnes ferjekai stakk fangen av frå politiet.

Foto: ANDREAS BACH

Etter tre veker på rømmen vart mannen som stakk frå politiet på ferjekaia på Vangsnes pågripen i Bergen. Han kan ikkje dømmast for å ha stukke av frå politiet. Men mannen vart derimot dømd for å ha sparka ein politibetjent, for tjuveri, oppbevaring av narkotika og for å ha stole ein bil.

Stor aksjon

Fangen i 20-åra som stakk frå politiet på Vangsnes i Sogn var tynnkledd då han forsvann i februar i år. Mannen, som skulle til fengselet i Vik, stakk av under ei overlevering mellom to politipatruljar. Store krefter vart sett i sving for å finne mannen. Det vart nytta både ordinære politipatruljar og hundepatruljar. Etter tre veker på rømmen vart mannen arrestert i Bergen.

90 dagar i fengsel

Dommen for ulike lovbrot er no klar. Aktor la i utgangspunktet ned påstand om 120 dagar fengsel, men dommen vart på 90 dagar med frådrag for 57 dagar som han alt har sona i varetekt.