NRK Meny
Normal

Stakk av etter utforkøyring

Tida på flukt vart kortvarig for to rusa menn som køyrde av vegen i Lærdal i natt.

Laster kart, vennligst vent...

Klokka 01.06 då meldinga om at ein bil hadde køyrt av vegen kom inn til politiet sin operasjonssentral i Florø.

Ulykka skjedde ved avkøyrsla til Hansegardsvegen på riksveg 5, i 70-sona like aust for Lærdal sentrum. Ifølgje vitneobservasjonar hadde to menn stukke frå staden.

– Dei vart funne til fots i Lærdal og vart pågripne. Ingen av dei er heimehøyrande i området, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane.

Han kan ikkje seie noko om kor langt dei har køyrt.

– Det er slikt som ein må komme tilbake til, men førarkortet til ein av personane er kverrsett.

Det er sikra blodprøve at føraren som er i 30-åra. Ingen av dei to mennene, som begge var rusa, kom fysisk til skade i ulykka. Begge er dimmiterte av politiet.

Saka blir etterforska av lokalt politi.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast