Stakk av etter promillekøyring

Tre sjåførar vart tekne for promillekøyring i Førde natt til søndag. Den eine stakk av etter at han køyrde utfor vegen.

Mannen køyrde utfor vegen i Angedalen i Førde. Då politiet kom fram fann dei bilen tom og med blodspor på rattet. Men det gjekk fort å finne ut kven som hadde køyrt bilen. Då politiet ringde mannen, som er i byrjinga av 20-åra, viste det seg at han hadde gøymt seg bak nokre traktorar like ved.

Den rusa personen vart send til sjukehus med knekt nase. Mannen vedgjekk at han hadde køyrt med promille i blodet.

Teken for andre gong

Mannen hadde heller ikkje førarkort og var på veg heim frå fest i mora sin bil. Ifølgje operasjonsleiar Atle Jansen i Sogn og Fjordane politidistrikt er dette andre gongen på kort tid at mannen vert teken for promillekøyring.

Omtrent samstundes fekk politiet melding frå ein huseigar på Flatene i Førde om ein stolen moped. Meldaren visste også kven som køyrde mopeden. Politiet rykte ut og fekk tak i mopedføraren, som vedgjekk at han hadde drukke.

Tredjemann som var teken for promillekøyring i Førde vart stoppa under ein promillekontroll i Halbrendslia ved midnatt. Av 28 kontrollerte bilar var han den einaste som blåste raudt.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.