Staff kritiserer politiet sin framgangsmåte i samband med aksjonen mot barneporno. Han meiner det som har skjedd i Florø er eit godt døme. Her vart ein mann tysdag pågripen då politiet aksjonerte mot bustaden hans. Mannen vart sikta for å ha lasta ned barneporno på si datamaskin. Ei sikting som politiet seinare gjekk vekk frå, seier politiadvokat Knut Broberg.
Leigebuar vedgår nedlasting
- Datamaskinane til mannen er heilt reine, men han har late leigebuarar knyte seg til Internett via hans breibandstilknyting. Dermed vart han dregen inn i saka, seier Broberg. Politiet har no avdekka at det er ein av leigebuarane som har lasta ned materialet, som viser seksuelle overgrep mot born. - Vi har teke beslag i datautstyret hos denne leigebuaren, og han har vedgått forholdet, seier Broberg.
Stor belastning
Sjølv om florømannen ikkje lenger er sikta, er ei pågriping i seg sjølv ei stor belastning, seier Staff.
- Det er heilt klart ei belastning på grunn av den ekstreme moralske fordømminga. I dag er dette, i mine auge, det verste man bli skulda for. - Er dette eit døme på heksejakt? - Det ligg som eit element heile tida i denne type masseaksjon, seier Staff.