Under ein pause i forklaringa si tok eit av hovudvitna til aktor, statsadvokat Jan Hoel, kontakt med familien Beheim Karlsen. Det skjedde i rettslokalet og fleire personar observerte samtalen, blant andre Tor Erling Staff.
Han reagerte kraftig og stilte følgande spørsmål til vitnet rett etter at retten var sett igjen;
- Eg såg at du snakka med familien til Arve, kva snakka de om? Spurde Staff.
- Ho sa eg var flink, svarte vitnet. Han hadde då akkurat fortalt retten kva han såg 23. april 1999.
Teikning: Elin Fagertun
Men Staff ga seg ikkje med det, han ville vite kva dei snakka om. Vitnet avkrefta at dei snakka om det han nyleg hadde sagt i si forklaring.
Etter at rettssaka var over i dag, utdjupa Staff kva han meinte om det som skjedde:
- Det er utilbørleg av familien Beheim Karlsen å ta kontakt med eit vitne midt i forklaringa, sa Staff. Han la ikkje skjul på at han var irritert over hendinga.
Staff seier også at engasjementet til familien Beheim Karlsen er heilt spesielt, og han seier at dei utan tvil utgjer ein maktfaktor. Ikkje minst fordi dei kvar dag sit i rettslokala og ser både vitna og dei tiltalte i augene.
Forsvarar Knut Storberget reagerte på si side på at eit av vitna hadde vore i kontakt med bistandsadvokaten til Arve Beheim Karlsen. Han meinte dette var uheldig, og at det svekka forklaringa til vitnet.
- Dette gjer at vi ikkje får ei rett forklaring, og eg mislikar at vitne i ei rettssak er på kontoret til bistandsadvokaten og prater om saka, seier Storberget.
Han fekk også fram at vitnet hadde vore på åstaden, altså gangbrua over Sogndalselvi, saman med bistandsadvokaten.
Bistandsadvokat Gunnar Solbraa seier at han har godt samvit for sitt engasjement i saka. Han meiner han ikkje har gjort noko gale.
Tidlegare har det kome fram at familien Beheim Karlsen har gjort alt for å få fram alle opplysningar om kva som skjedde den kvelden Arve Beheim Karlsen drukna.