Hopp til innhold

Stafettsølv til skiskyttar-juniorar

Førstelaget til Sogn og Fjordane tok sølv på under stafetten i klassen 17-19 år under junior-NM i skiskyting søndag.

Bak: Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø. Framme: Ole Martin Erdal og Håvard Bogetveit

Bak: Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø. Framme: Ole Martin Erdal og Håvard Bogetveit.

Foto: John Roger Meland

Jarle Midthjell Gjørven, Ole Martin Erdal, Håvard Bogetveit og Johannes Thingnes Bø kunne dermed reise heim frå Gautefall med kvar sin stafettmedalje.

Thingnes Bø frå Markane IL gjekk siste etappen og avgjorde stafetten.

– Dette gjekk veldig bra, trass i ekstraskot og strafferundar. Så vi er nøgde med sølvet.

Gjekk fort og skaut bra

Stafetten blei vunnen av førstelaget til Oslo og Akershus. Laget vann stafetten med god margin.

– Dei leia heile stafetten, men eg tok inn omlag to minutt på dei på den siste etappen. Det skilde 39 sekund i mål, seier Thingnes Bø.

Han hadde ikkje trua på medalje då han starta etappen sin, men han gjekk fort og skaut godt.

– Eg gjekk ut frå siste skyting som nummer tre, og klarte å gå meg opp til 2. plass.

Også Jarle Midthjell Gjørven får Markane er nøgd med sølv. Han tok også sølv på sprinten i går i 18-årsklassen.

– Dette har gått veldig bra for meg, seier han.

Medaljar til fagre Stryn

Thingnes Bø er lillebroren til Tarjei Bø som har teke tre medaljar så langt i VM i Russland. Han seier han blir inspirert av storebroren sin.

– Ja, det er artig at Tarjei kan gjere det bra i utlandet og eg i innlandet. Vi tek med oss mange titlar tilbake til fagre Stryn på slutten av sesongen.

Mange talent i Stryn

Han fortel om ei veldig bra rekruttering til skiskyting i Stryn.

– Vi har mellom anna Jarle Midthjell Gjørven som tok sølv på sprinten i går og som var på laget i dag. Det er også mange 12-13-åringar som kjem bak oss.

For kjedeleg med langrenn

Neste helg ventar junior-NM i langrenn og Bø håper han er frisk og i form.

– Eg trur eg kan gjere ein god jobb der.

– Du vil ikkje heller satse på langrenn?

– Nei, det blir altfor kjedeleg i forhold til skiskyting, ler han.