Eidaren og lagkameratane hadde ambisjonar om å stå på toppen av pallen, men hadde ikkje fullklaff i bassenget på Hamar.
Bærumsvømmerne avgjorde stafetten over fire gonger 200 meter fri på første etappe, då startmannen André Bratgjerd gjenomførte ein kjempeetappe og veksla nesten seks sekund føre Bergenssvømmerne. Sander Smørdal tok inn eit par sekund på andre etappe, som han sjølv karaktriserer som eit greit gjennomført løp.
Sander Smørdal kvalifiserte seg også til finale på 400 meter fri under opningsdagen på langbane-NM, men valde å stå over for å spare seg til favorittdistansen 100 meter fri fredag. Men eidaren gjekk kanskje glipp av sin første individuelle medalje, etter som tida hans i kvalifiseringa faktisk ville gitt sølv i NM-finalen.
I dag står favorittdistansen 100 meter fri på programet og Sander Smørdal satsar maksimalt, også i kvalifiseringa for å sikre seg best mulig bane i NM-finalen.