Hopp til innhold

Opptur etter sjukdom for Tarjei Bø - sikra siger i stafett

Tarjei Bø var tilbake der han trivst best av alt: Øvst på pallen. Han var med å sikre stafettsiger.

Tarjei

GULLGLIS: Brødrene Bø kan vere fornøgde etter å ha markert seg under dagens stafett i Anterselva (arkiv).

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg treng denne sigeren, seier Tarjei Bø (26) etter at han gjekk i mål på andre etappe for det norske stafettlaget.

Laget gjekk til slutt inn til siger på dagens verdscuprenn i Anterselva. På første etappe gjekk Ole Einar Bjørndalen. Han veksla med Tarjei Bø, som sende ut Johannes Thingnes Bø på tredje etappe. Emil Hegle Svendsen gjekk sisteetappen.

Fått sin sjukdomskvote

For Tarjei Bø var dette ein etterlengta opptur. For han har vore plaga med sjukdom og stått over 24 verdscuprenn sidan 21. desember i fjor. I jula var han sengeliggande i 5–6 dagar med ei forkjøling. Men også fjorårssesongen har vore mykje prega av sjukdom og mindre trening.

Tarjei Bø sliten etter målgang

PREGA AV SJUKDOM: Tarjei Bø har slite med mykje sjukdom.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det har ikkje vore kjekt å berre gå nokre få renn. Det har vore frustrerande og kjedeleg. No føler eg at eg har fått min kvote med sjukdom. Så no håpar eg at eg har tatt unna min kvote og får 10 år sjukdomsfri.

Målet var kjellaren

I går var han tilbake i løypa i Anterselva som er ein utfordrande stad for mange løparar i høgda. Anterselva ligg 1700 meter over havet, og utfordrar pulsen til idrettsutøvarane.

– Eg hadde gjerne sett at rennet gjekk ein annan plass. Vi har arva mykje gode gen frå mamma og pappa, men høgda den taklar vi dårleg, seier Tarjei.

I går enda Tarjei Bø på ein 46. plass. Men i dag hadde Tarjei ein betre dag i løypa.

– Det er ei litt ny etappe for meg, men det var spennande og mange lag. Det er sekundstrid heile vegen. Det var tøft, men eg hadde eit bra løpsopplegg. Tidene er dårlege, for eg taper mykje i lett terreng.

Må bli betre

Bø innser at han framleis har ein veg å gå før han er i toppform.

– Eg er ikkje i min beste form. I dag tenkte eg på at eg skulle gå i kjellaren, heile tida. Det fungerte.

I dag gjennomførte Tarjei Bø etappen med eit ekstra skot og veksla 38 sekund bak Tyskland.

Om broren Johannes sin innsats i stafetten har han berre lovord å komme med.

– Han har nokre ville seriar inni mellom. Som regel når han pressar som mest.

Yngstemann imponerte

Veslebror Johannes Thingnes Bø gjekk ei strålande etappe.

– Eg gjekk smart og hadde mykje krefter på sisterunden. Det er deilig å gå gode etapper, seier Johannes Thingnes Bø.

Bø

IMPONERER: Johannes Thingnes Bø skaut fem fulltreffarar i eit rasande tempo i ståande.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

På ståande small ned 5 blinkar i eit utruleg tempo, og gjekk Norge i tet like før veksling.

– Eg kjem inn og har gått ei billig andrerunde. Eg får med meg at tyskaren bommar, så eg tenkjer at eg tar inn masse viss eg skyt fem rett ned. Det var veldig bra. Det er deilig å vinne, seier Thingsnes Bø.

Svenden henta fram gamle takter og gjekk Norge til siger.