Hjelmeset veksla likt med tre andre lag, og var med på å sprenge feltet. Og Hjelmeset var naturleg nok glad då gullmedaljen var eit faktum.
- Det er bra med gull, eg må seie det. Eg var spent då eg hadde gått første etappe og skulle sjå dei andre tre gå sine etappar. Men eg visste at alle var skjerpa og i kjempeform, seier Hjelmeset.
Odd-Bjørn Hjelmeset i aksjon på første etappe. Foto: Erlend Aas/SCANPIX
Godt utgangspunkt
Glopparen fekk spolert medaljesjansen i sprinten tysdag, då eit uhell i sporet gjorde at han enda opp som nummer fem. Men i dag var han i tet nesten heilt inn til første veksling og lagkamerat Frode Estil var klar til å ta over stafettpinnen. - Estil sa han fekk eit godt utgangspunkt for sin etappe, seier Hjelmeset.
Femmil på søndag
Hjelmeset har eitt VM-gull frå før, då han gjekk andre etappe i stafetten i Lahti i 2001. Og i dag vart det endeleg gull igjen. På søndag skal Odd-Bjørn Hjelmeset i elden igjen, då skal han gå femmil.