Hopp til innhold

Kveen set stadig nye rekordar - tek opp kampen med Airlift

Entreprenør og helikopterselskapet Kveen AS går som ei kule, og set stadig nye rekordar. Og større skal dei bli...

Kveen AS

NYE REKORDAR: Kveen AS i Stryn går veldig godt, og har selskapet har meir enn dobla seg i storleik på få år.

I fjor omsette verksemda for over 73 millionar kroner og eit overskot før skatt på over 7 millionar kroner.

Dermed har verksemda som driv anleggsarbeid, helikopterutleige og bilforretning meir enn dobla seg i storleik på få år.

–Vi er veldig godt tilfredse med fjoråret og utviklinga vi har hatt dei siste åra. Vi har levert gode arbeid, og får løn for det arbeidet, seier dagleg leiar Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Entreprenørverksemda er

Kveen AS i Stryn veks så raskt at det ikkje er rart at den daglege leiaren er godt nøgd. Selskapet har på fem år meir enn dobla omsetninga si.

Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

SATSAR: Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Foto: Privat

Selskapet som eigast av brørne Lars Helge Kveen og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo driv også selskapa Helikopter Utleie, 360 World AS som driv med luftfoto og Kveen Motor som er eit bilverkstad i Stryn.

I dag står 34 personar på lønningslista. Eigarane satsar på ytterlegare fleire tilsette i åra som kjem.

Det er dei gode tidene i entreprenørverksemda som driv veksten framover.

– Innanfor vegsektoren ser det veldig bra ut. Betydelege investeringar skal framleis gjerast på den arenaen, og vi registrerer at det er eit stort etterslep på vegsektoren, så eg trur det blir satsa rimeleg bra framover også, seier Øvre-Flo.

Vil satse meir på helikopter

Stilte opp

HELIKOPTER: Selskapet driv også med helikopter.

Foto: Arild Solberg

Framover vil både entreprenør- og helikopterdelen, vere viktig for selskapet. Mellom anna har Helikopter Utleie i Stryn nyleg henta marknadssjefen i Airlift i Gaular.

– Vi har hatt størst engasjement innanfor reiselivsområdet, men vi har fått større og større innslag av lastrelaterte og entreprenørrelaterte oppdrag også på helikopter. Vil vil satse meir også på den sektoren framover, seier Øvre Flo.