Etter fleire års auke byrja nedgangen i 2001. Det er stort sett dei mest tungdrivne eigedomane som ikkje lenger vert slegne. Mange bakkar og kantareal fell også bort som slåttemark.
Dette betyr lite for den samla landbruksproduksjonen i Sogn og Fjordane. Men det er ei uheldig utvikling i eit fylke som satsar på reiseliv i eit vakkert natur- og kulturlandskap.