Hopp til innhold

Oppdrettsnæringa har nullvisjon – likevel aukar talet på rømmingar

Oppdrettsnæringa har i mange år hatt ein nullvisjon for rømming. Likevel aukar på nytt rømminga frå norske oppdrettsanlegg.

Leiholmane

STAKK: Det var her at 123.000 sjøaurar rømde frå ei not.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For knappe to veker sidan, stakk 123 000 regnbogeaure av frå Firda sjøfarmer sitt anlegg ved Leiholmane i Gulen. Og dei er ikkje åleine.

– Vi har altfor mange rømmingar i norsk oppdrettsnæring, seier direktør i havbruksavdelinga i fiskeridirektoratet, Jens Christian Holm.

Frå 2006 til 2008 klarte næringa og få ned rømminga men dei siste år går det på nytt feil veg. I førre veke var det ei stor rømming av regnbogeaure i Gulen.

– Vi skal ikkje ha auka rømming framover. Vi skal ha redusert rømming og vi skal ned på eit akseptabelt nivå, seier Holm.

Vatnar ut genane

Problemet med rømd oppdrettslaks er at han vatnar ut genane til villaksen. Auren på si side kan spreie smitte.

Heilt sidan 2007 har styresmaktene hatt ein offisiell såkalla nullvisjon for rømming av oppdrettsfisk. Men også i åra før det var det eit mål om såkalla nullflukt.

– Ja, det er som vi ser, framleis ein visjon og ikkje ein realitet, dessverre, seier Karoline Andaur, leiar for havmiljøprogrammet i WWF.

Har store utfordringar

Tidlegare denne månaden konkluderte riksrevisjonen med at regjeringa ikkje har nådd målet om å verne om villaksen sitt genetiske mangfald.

– Når første halvdel av 2012 har ein såpass stor rømming, så viser det at ein framleis har store utfordringar for å sikre at rømmingar ikkje skjer, seier Andaur.

Det er Firda Sjøfarmer i Gulen som eig dei 120 000 regnbogeaurane som rømde i førre veke. Administrerande direktør Carl Erik Arnesen forstår at det blir stilt spørsmål ved nullvisjonen.

Tek problema på alvor

– Nei, det kan ein jo spørje om når ein ser statistikken. Når ein likevel tenkjer på kor mange merdar som er i sjøen, så er det likevel ei svært lita mengd som rømmer, seier Arnesen.

Men han seier dei tek problema på alvor

– Det er klart at fly ramlar ned, båtar køyrer på land, uhell skjer. Vi må berre halde fram med å jobbe intenst for at det ikkje skal skje, seier Arnesen.

Ved utgangen av 2010 sumde det over 273 millionar fisk i norske oppdrettsanlegg.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Lakserømming i Gulen

Lakserømming i Gulen

Godt omdømme kjem ikkje av seg sjølv

Berre i løpet av januar og februar eksporterte den norske næringa laks og aure til ein verdi av over 4 milliardar kroner.

– Eit godt omdømme kjem ikkje av å lage reklamekampanjar. Det kjem faktisk ved å ha ting i orden og vise til at ein gjer dei rette tiltaka for å sikre at ein ikkje har ein negativ påverknad på miljøet, seier Andaur.

Det herskar tvil om kor farleg den rømde reinbogeauren er.
I førre veke rømde 123 000 regnbogeaure frå eit anlegg i Gulen.

Usemje om konsekvensane

Konsekvensane er mindre enn ved lakserømming men ein veit ikkje sikkert om regnbogeauren kan etablere seg i norske elvar.

– Det er uvisst i kva grad den er i grad til å etablere bestandar i norske elvar, seier direktør i kyst- og havbruksavdelinga i fiskeridirektoratet Jens Christian Holm.

Regnbogeaure er ein fisk som ein ikkje finn naturleg i norsk natur. Difor er det ikkje fare for at den blandar seg med den ville arten og denegenerer villfisken slik faren er med laksen.

Kan vere smittekjelde

Karoline Andaur i WWF seier at denne typen rømming er mindre alvorleg enn lakserømming. Men ho vil likevel åtvare mot at tek lett på slike rømmingar.

– Rømmingar av regnbogeaure er likevel svært alvorleg. Det kan også vere ei kjelde for smittsame sjukdommar til villfisken, og ikkje minst som spreiing av lakselus, seier Andaur.

Og Andaur får støtte frå fiskeridirektorat

– Rømd fisk, dersom den har med seg smitte, kan gi smitte også til villfisk. Spesielt lakselus har vorte trekt fram som eit døme på det, seier Holm.

Risiko for formeiring

Men det store spørsmålet som ein ikkje veit sikkert svare på er om regnbogeauren også kan formeire seg i norske elvar og konkurrere om mat og gyteplassar?

– Det er også ein risiko for at han også kan klare å formeire seg i norske elvar. Den risikoen er til stades, og difor er det viktig å unngå at regnbogeaure rømmer, seier Holm.