Hopp til innhold

Stadig like skeptisk til havkraft

Olje- og energiministeren går mot forgjengarane sine og avviser satsing på vindkraft til havs.

Video Havstraum

Havstraum

- Offshore vindkraft er for kostbart. Det er eit faktum, sa olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) då han i dag møtte verftseigarar, gründerar og andre medlemmer i Vindkraftforum Sogn og Fjordane.

Borten Moe har vore bestemt avvisande til ei satsing på vindmøller til havs sidan han tok over ministerposten etter Terje Riis-Johansen. Sistnemnde hadde stor tru på slik kraftproduksjon, og kalla det "det neste store industrieventyret". Det same gjorde tidlegare partileiar Åslaug Haga hadde det i 2007. Då trudde ho vindkraft til havs kunne bli dobbelt så stort som vasskraft her til lands.

- Det teoretiske potensialet er kjempestort, sa Haga den gongen - utan at det gjorde inntrykk på Ola Borten Moe i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ola Borten Moe i Måløy

Ola Borten Moe hadde ingen gode nyhende om vindmøller til havs då han kom til Måløy i dag.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Femti eller hundre år?

- Det kjem ikkje til å skje dei neste fem åra. Men kven veit korleis verda ser ut om femti til hundre år. Då kan det godt hende Åslaug Haga har rett, sa han til forsamlinga i Måløy i dag.

Samstundes meiner Borten Moe at sjølv om det ikkje kjem flytande offshore vindmølleparkar her til lands, kan norsk industri knytte seg på utviklinga i resten av Europa der det finst store planar.

- Det er behov for å drive teknologiutvikling for å få prisen ned. Per i dag er offshorevind for dyrt til at det er kommersielt interessant.

- Korleis skal ein klare det om ein ikkje har felt ute i havet ein kan drive teknologiutvikling på?

- Vi bygger jo vindmøller til havs ved hjelp av Staten nettopp for å få til dei effektane ein snakkar om her. For å lære oss korleis dette fungerer. I tillegg driv norske selskap utvikling av store vindprosjekt i andre land, og det lærer vi jo sjølvsagt av, seier Borten Moe.

Satsinga skjer i utlandet

Heller ikkje næringslivet er lenger særleg opptekne av kva som vil skje innanfor våre eigne landegrenser.

For i kampen om å oppnå store kontrakter er det utlandet som gjeld og det fins ikkje tid til å vente. Alfred Bjørlo vart derfor ikkje overraska over bodskapen frå Borten Moe.

- Her i Måløy og i Sogn og Fjordane er ein i full gang med offshorevind. Vi står klar og med full oppbakking frå styresmaktene kan dette bli ein ny gigantindustri på kysten, seier Bjørlo.