Hopp til innhold

Stadig fleire vil ri på «Elvepurka»

Til helga vert det opna eit raftingsenter på Jostedal Hotell. Samarbeidet med opplevingsbedrifta Icetroll er ein vinn-vinn-situasjon, meiner hotelldirektør Laila Gjerde.

Rafting i Jostedøla

POPULÆRT: Fleire og fleire ønskjer å prøve seg på rafting i Jostedøla

Foto: Andy Cullens / ICETROLL

– Jostedøla er i forhold til mange andre norske elvar perfekt for rafting. Her kan du oppleve store bølgjer, samstundes som det er trygt. Elva er delt inn slik at ein kan velje sjølv kor langt ein vil gå.

Det fortel Andy Cullens, frå New Zealand, som er dagleg leiar i opplevingsbedrifta Icetroll i Jostedalen.

Drink etter rafting

I samarbeid med Jostedal Hotell har Icetroll fått på plass eit raftingsenter på hotellet som opnar no til helga. Med eit fast samlingslokale og garderobefasilitetar trur begge partar at raftinga vil bli endå meir populær.

– Då kan dei komme tilbake til hotellet og ta seg ein dusj og eit måltid. Og kanskje ein drink for dei som treng det, seier Cullens.

Rafting i Jostedøla

FART OG SPENNING: Jostedøla har raftingområde for både nervøse nybegynnarar og profesjonelle.

Foto: Andy Cullens / ICETROLL

Lokkar med «Elvepurka»

I 2009 starta Cullens og Icetroll med rafting i Jostedøla, og kalla det for «Riverpig» som på norsk betyr «Elvepurka». Elvepurka er ein gammal myte om ei sint purke som et born. Myten har i lang tid blitt brukt for å skremme ungar til å halde seg unna elva. No blir den brukt for å lokke til seg eventyrlystne turistar.

Andy Cullens

EVENTYRAR: Dagleg leiar i Icetroll, Andy Cullins, er svært nøgd med at stadig fleire tek turen til Jostedalen for å rafte.

Foto: Andy Cullens / ICETROLL

Og det fungerer. Interessa for rafting har auka kraftig sidan starten. I 2009 var talet på besøkjande 400, medan det i fjor var over 1000 turistar som prøvde seg på bølgjene over «Elvepurka».

– Viktig å samarbeide

Hotelldirektør Laila Gjerde meiner det er ein vinn-vinn-situasjon å samarbeide med Cullens og Icetroll.

– Han skaffar meg fleire gjestar, og med det nye raftingsenteret vert det lettare å få ut informasjon om rafting til turistane, seier Gjerde.

Ho meiner det er viktig å samarbeide for å få til ting, og at bygda er flink til å dra i same retning.

– Det er ikkje hjelp i å berre tilby seng og mat, ein må ha aktivitetar også. Og raftinga har blitt meir og meir populært. Det er liksom noko nytt. Det viktigaste er jo uansett at gjestane har det bra. Då spreiar ordet seg, og det er den beste reklamen vi kan få.

Breheimsenteret i telt

At bygda er flinke på å samarbeide visast også gjennom at Breheimsenteret er i nærmast full drift frå eit telt. I fjor sommar brann senteret ned, men det stoggar ikkje jostedølane.

– Det einaste som uteblir der er vel utstillinga, resten av aktivitetane rullar som normalt, seier Gjerde.