Hopp til innhold

Stadig fleire vil gå jernvegen i Loen

– Det er vanskeleg å spå så tidleg i sesongen, men 20 prosent auke lovar veldig godt, seier Erik Brendefur i Loen Active.

Via Ferrata Loen

POPULÆRT: Mange vil gå Via Ferrata Loen, men Loen Active har sett seg nøydde til å spreie dei ulike kundegruppene i løypa. – Vi ynskjer at så mange som mogleg skal få oppleve spektakulære Via Ferrata Loen, no også med servering på Hoven Restaurant og retur med Loen Skylift, seier dagleg leiar Erik Brendefur.

Foto: Loen Active

Sidan opninga 5. mai har 400 gjester gått guida turar. I tillegg kjem eit par hundre gjester som berre leiger utstyr eller nyttar eige utstyr.

Mykje takka vere ein nyopna restaurant og gondolbane .

– I vinter og vår har det skjedd mykje i Loen. Eg trur definitivt at restaurant på toppen av Hoven og Loen Skylift, som gjestene våre kan ta ned att, har hatt ein positiv innverknad, seier dagleg leiar i Loen Active, Erik Brendefur.

Populært på laurdagar

Erik Brendefur

AUKE: Erik Brendefur og Loen Active har så langt i år hatt 20 prosent fleire gjester enn tidlegare.

Foto: Bård Siem / NRK

Klatreruta i Loen vart opna i 2012 og har siste åra hatt kring 7.000 gjester. I fjor gjekk kring 3.000 tur med ein av dei 40 guidane. Ytterlegare 1.800 leigde utstyr, medan kring 2.000 nytta eige utstyr og gjekk ruta på eige ansvar.

Så langt i år har allereie 1.200 bestilt Via Ferrata med guide.

– Spesielt laurdagar er populære. Førre helg gjekk 100 personar fredag og 150 personar på laurdagen, seier Brendefur og meiner mange ynskjer å kombinere moglegheitene til å oppleve storslegen vestlandsnatur med både klatring og tur med gondolbana.

Kan proppe seg

Men gjestemiksen kan gi enkelte utfordringar. Spesielt på dagar med mange turglade på tur – og med overivrige og sjølvgode turgåarar fremst i løypa.

Då kan det av og til proppe seg i løypa. Rekorden er 240 gjester på ein dag.

– Det har nok skjedd at enkelte overvurderer seg sjølv. Dei har høyrt av vener at dei kan gjennomføre Via Ferrata på eiga hand, kjem hit og seier dei er erfarne og leiger utstyr. Når dei kjem opp i bratta så ser dei at det ikkje var så lett likevel, seier Brendefur.

Organiserer turane

– Eg forstår at det kan vere surt å stå i 10–15 minuttar i kø og vente på sure og våte dagar. Det er difor vi tilrår alle nybyrjarar å leige guide for å få skikkeleg opplæring i korleis ein går Via Ferrata, legg han til.

Loen Active har daglege turar med guide klokka ni og ti. Andre gjester får gå før eller etter klokka 11.

– Då går det stort sett bra, seier Brendefur.

Gode råd til turen

For å unngå frustrerte turdeltakarar har Brendefur følgjande råd til dei som går på eiga hand:

– Vanleg folkeskikk. Vi prioriterer våre gjester med guide, og då gir guiden instruksar og held kontroll i løypa. Men det er ope landskap, så det er mogleg å gå på eiga hand. Då må ein innrette seg til andre gjester og ta omsyn dei. Så er det også stader der ein kan sleppe forbi folk, seier han.