Uroa for folkehelsa: Stadig fleire nordmenn bur utan ein partner

Stadig større deler av den vaksne befolkninga lever aleine og stadig fleire kjenner seg einsame. Det kan få alvorlege konsekvensar for folkehelsa, meiner samfunnsforskar.

Hans Johan Breidablik

FORSKAR: Hans Johan Breidablik meiner at utviklinga i samfunnet med stadig fleire aleinebuande og einsame er ei utfordring for folkehelsa.

Foto: Bård Siem / NRK

­

­

Samfunnsmedisinar Hans Johan Breidablik er uroa. Han ser at utviklinga i talet på aleinebuande aukar i takt med at stadig fleire nordmenn føler seg einsame.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå stadfestar trenden som har vore auka år for år. Både blant unge, vaksne og eldre aukar tala på aleinebuande som ikkje er i forhold. Men særleg frå 45-årsalderen og oppover syner tal at stadig fleire lever aleine.

På fem år har talet på menn mellom 45 og 66 som bur aleine auka med 20.000 personar. Blant kvinnene i same aldersgruppe er det no over 14.000 fleire som bur utan partner.

– Einsemd er eit av dei store folkehelseproblema i Noreg og dette gjeld alt frå tidleg alder. Hos vaksne er det om lag ein av fem som opplever einsemd. Det må seiast å vere eit negativt trekk ved det moderne samfunnet, slår Breidablik fast.

Han baserar sine tal om einsemd på omfattande forsking og undersøkingar som er gjort dei siste åra.

Forskaren peikar på at auken i single, aleinebuande nordmenn kan få følgjer for alt frå helse til nedbygging av distrikta.

– Det er akseptert at kvinner og menn som lever i forhold generelt har betre helse, seier Breidablik.

Fekk hjartebank av Svein

Dette var også slik livet var for Svein Brox og Synnøve Steinsland som i dag bur i lag på Tussøy i Troms.

Svein var den evige ungkaren på øya, Synnøve hadde mista sambuaren sin til kreften. Men sommaren 2005 snudde lukka for dei begge. Synnøve var på fisketur og trengde å låne plass i ein frysar.

– Så såg eg Svein sat og sola seg på terrassen i bar overkropp. Det gjekk ikkje så mange vekene før det var skikkeleg hjartebank, fortel ho og ler.

Familie gir betre helse

At dei fann kvarandre i godt vaksen alder har vore viktig for dei og samfunnsforskaren Breidablik er overtydd om at moden kjærleik kan vere avgjerande for eit godt vaksenliv.

– Det er eintydig og mykje forsking på at det å ha ein ektefelle og familie gir trivsel og klart betre helse, meiner forskaren.

Men statistikkane syner at utviklinga er klar i retning av stadig fleire einslege – og einsame. Forskar Hans Johan Breidablik er overtydd om at det ville bety mykje for folkehelsa dersom fleire fann seg ein livspartnar.

– Det vil sjølvsagt vere veldig individuelt, men hos mange er det ei lengt etter parforhold i ei eller anna form. Eg trur det er ganske grunnleggande. Endring av familien er kanskje det som kanskje mest av alt er kjenneteikn for den moderne tida, seier han.

Svein Brox og Synnøve Steinsland på Tussøy

SAMAN UNDER STJERNENE: Svein Brox og Synnøve Steinsland var begge aleine, men fann eit liv saman på Tussøy i Troms.

Foto: Torje Bjellaas

Valde eit godt liv

Synnøve Steinsland og Svein Brox ser nesten ut som to nyforelska tenåringar der dei ligg på benken i hagen på denne vakre sommardagen i 2018.

Vel vitande om at ingen av dei blir yngre med åra. Men det er her ute på den veglause Tussøya dei vil bli gamle saman.

– Det er jo oss to, smiler Synnøve og deler si oppskrift på det som har blitt eit godt liv på øya utanfor Tromsø:

  • Dyrk dei felles interessene:

– For oss har det vore viktig å dele interessene for mellom anna kystkultur, lokalhistorie, dyrehald og hagebruk. Det er fint å dele, det skapar samhald, gjev meining, glede, utfordringar og meistringskjensle.

  • Gjer draumane verkelege, det er aldri for seint:

– Svein har budd tre år midt i Kalahariørkenen, eg gjekk på Lofoten folkehøgskule som 53-åring, saman var vi ein vinter på Litløy fyr i Vesterålen. Svein tok fagbrev som tømrar i ein alder av 64 år og eg har utdanna meg som kunstterapeut. Og vi har framleis mange draumar og planar!

  • Reis, opplev og ta vare på helsa

– Vi har begge alltid vore glade i å reise, både i inn- og utland. Vi har sett det meste av Noreg på tur i bubil og vi har mellom anna vore i India, Sør-Afrika og mange øyer. Vi har begge helseplager som blir lindra av sol og varme, difor er vi no tre-fire månader kvar vinter i sørlegare strok.

  • Sats på den gode samtalen

– Det å dele tankar, meiningar, vere villige til å gå i djupna og finne felles løysingar. Rausheit er nyttig og ordet unnskyld er viktig. Vi tek ein kaffi på senga stort sett kvar morgon og har samstundes eit morgonmøte. Det kan handle om alt frå ein draum frå sist natt, planar for dagen eller tankar og meiningar om stort og smått. Tilrådd!

  • Nyt kvarandre

– Del dyne, sov naken, ligg tett, klem kvarandre ofte, le mykje og ikkje gløym å leike. Hugs påfyll frå vener og bruk også tid åleine. Det er bra å lengte litt.