NRK Meny
Normal

– Det er ikkje vits å ta sjansen på å bli smitta

EID (NRK): Stadig fleire unge vaksinerer seg mot hjernehinnebetennelse. På Eid vidaregåande skule har nesten heile russekullet teke sprøyta som gjer feiringa tryggare.

Håkon Bøen, Emma Trosdahl, Ingar Hjelle og Sondre Vangberg

FØLER SEG UTSETTE: Raudrussen på Eid vidaregåande vedgår at dei føler seg ekstra utsette for smittsam hjernehinnebetennelse i russetida. – Vi heng tett i lag, seier dei. Frå venstre: Håkon Bøen, Emma Trosdahl, Ingar Hjelle og Sondre Vangberg.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Russepresident Ingar Hjelle

POSITIVT: Russepresident Ingar Hjelle meiner det er positivt at også første- og andreklassingane på skulen får tilbod om å ta vaksinen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi er klar over faren ved å bli smitta av hjernehinnebetennelse, difor har dei fleste teke vaksinen, seier russepresident Ingar Hjelle.

Det har blitt mange bomullsdottar i russeluene i Eid i vår. Den symbolske dotten markerer at russen er beskytta mot ein potensielt dødeleg sjukdom.

Folkehelseinstituttet anbefaler alle ungdomar mellom 16 og 19 år å vurdere å vaksinere seg mot sjukdomen.

– Det er kanskje ikkje stor fare for å bli smitta, men det er ikkje vits å ta sjansen, seier raudruss Sondre Vangberg.

Fleire tek vaksinen før dei blir russ

Hjernehinnebetennelse skuldast meningokokkbakteriar. Friske ungdomar har noko oftare desse bakteriane i halsen enn andre, sjølv om dei færraste blir sjuke.

Sara Viksmoen Watle ved Folkehelseinstituttet

GOD EFFEKT: Overlege Sara Viksmoen Watle seier vaksinen ungdomar i Norge blir tilbydd mot smittsam hjernehinnebetennelse er veldig effektiv.

Foto: Heiko Junge

Når ungdomar er tett på kvarandre, i store grupper over fleire dagar, ofte med alkohol, røyking og lite søvn, aukar risikoen for smitte og at dei blir alvorleg sjuke. Smittefaktorane som er nemnt er ofte typiske for russefeiringa.

Tal frå Folkehelseinstituttet viser at rundt 40 prosent av avgangselevane ved dei vidaregåande skulane i år har vaksinert seg mot smittsam hjernehinnebetennelse.

Samtidig som talet har vore stabilt dei siste fem åra, registrerer Folkehelseinstituttet at det blir fleire ungdomar som tek vaksinen.

– Vi ser at også yngre ungdomar enn avgangselevar på vidaregåande vaksinerer seg. Det ser vi av talet dosar som er rapportert gitt, seier overlege Sara Viksmoen Watle ved Folkehelseinstituttet

Sist ein tenåring døydde av meningokokksjukdom var i 2015. I fjor vart det registrert 18 tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse. Tre av tilfella var hos ungdom som var med på russefeiringa.

– Det er mange flinke helsesøstrer. Auka merksemd rundt dette gjer at dei som har auka risiko for å bli smitta får informasjon om at det finst ei vaksine, seier Watle.

Håkon Bøen, Sondre Vangberg, Ingar Hjelle og Emma Trosdahl

MANGE TEK VAKSINEN: Dei fire raudrussane ved Eid vidaregåande, Håkon Bøen, Sondre Vanberg, Ingar Hjelle og Emma Trosdahl har alle vaksinert seg mot smittsam hjernehinnebetennelse.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Meiner det er verdt å betale

På Nordfjordeid har alle elevane ved den vidaregåande skulen fått tilbod om vaksinen.

– Til saman har vi vaksinert 177 elevar i alderen 16 til 19 år. Vi har hatt godt oppmøte av russen, seier fagleiar ved helsestasjonen, Britt Tomasgard.

– Tala viser at russen har vore flinkare til å vaksinere seg mot smittsam hjernehinnebetennelse i år enn i fjor, legg helsesøster Berit Kragseth til.

– Kvifor det, trur du?

– Russen er ansvarlege ungdomar, tenkjer eg.

Både kommunar og fylke tek fleire stader rekninga for vaksinen mot hjernehinnebetennelse. I Eid har elevane sjølv måtte betale litt over 400 kroner for vaksinen. Det har ikkje stoppa dei.

– Vi har ikkje noko imot å betale for noko som er så hjelpsamt i russetida. Dette er ein symbolsk sum i den store samanhengen, seier Sondre Vangberg og Håkon Bøen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune