Hopp til innhold

Stadig fleire køyretøy vert tekne for overlast

Statens vegvesen har i det siste skrive ut fleire store bøter for overlast. Seinast i dag måtte eit transportfirma ut med 24.000 kroner etter å ha fylt opp lastebilen sin med seks tonn for mykje.

Thormod Gausdal

SER LEI TREND: Overlasta tunge køyretøy kan vere trafikkfarlege fordi bremsene ikkje er dimensjonerte for slike vekter, og det verkar også konkurransevridande, seier seksjonsleiar i Vegvesenet, Thormod Gausdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi har over ein periode sett at vi får fleire og fleire sjåførar som blir stoppa med overlast. Dei tek med seg for mykje i forhold til kva køyretøyet og vegen tillèt, seier seksjonsleiar for køyretøy i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, Thormod Gausdal.

I ein rutinekontroll i Sogndal i dag kontrollerte Vegvesenet vekta på ti lastebilar. Den eine sjåføren hadde med seg seks tonn for mykje og fekk ikkje køyre vidare før han hadde lasta om. Bota på 24.000 kroner blir sendt til firmaet han køyrer for.

Trur tøff konkurranse får sjåførane til å bryte lova

Gebyra for overlast på tunge køyretøy blir gitt ut frå faste satsar. Det typiske ifølgje Gausdal er bøter i storleiken 4000–6000 kroner. Men dei siste vekene har Vegvesenet i Sogn skrive ut bøter på mellom 19.000 og 36.000 kroner.

Gausdal seier dei lenge har vore nede i forsvinnande få gebyr for overlast, men at dei no ser ein auke.

– Vi ser at vi fort ligg på mellom ti og femten gebyr i veka, seier Gausdal som legg til at talet kontrollar ligg om lag likt med det dei har hatt tidlegare.

Han seier det er vanskeleg å seie noko bombastisk om årsaka, men trur mange kjenner seg pressa til ta med meir enn det som er lov.

– Kanskje kan dette vere eit utslag av ein litt usunn konkurranse. Skal ein sitje att med noko, må ein ha med seg meir last enn det som er lovleg.

Utekontroll ved Førde trafikkstasjon

UTEKONTROLL: Statens vegvesen sine utekontrollørar stoppar årleg fleire tusen køyretøy langs vegane. Dette biletet er frå ein kontroll i Førde tidlegare i år.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vil ha endå fleire kontrollar

Jan Ove Halsøy

TØFF KONKURRANSE: Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileigarforbund gir Vegvesenet mykje rett i at konkurransen i bransjen er tøff. – Vi gjennomfører no ein landsdekkande turne for å gjere dei som kjøper transport oppmerksame på forhold rundt til dømes overlast, for å få ned risikoen for at dette skjer.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Jan Ove Halsøy er regionsjef for Norges Lastebileigarforbund (NLF) i region 5, som dekker fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal. Han gir Gausdal mykje rett i den forklaringa.

– Norske transportørar er ekstremt pressa frå utanlandsk, billig transport.

På dei fleste nye lastebilar finst det lasteindikatorar, slik at sjåføren til ei kvar tid kan følgje med på kor tungt køyretøyet er lasta. Ei mogleg feilkjelde kan ifølgje Halsøy vere at desse er feilkalibrert.

– Men så er det også nokon som bevisst lastar for mykje. Det skjer i kampens hete i den tøffe konkurransen som vi har frå utanlandske transportørar.

NLF sitt nye kvalitetsprogram, Fair Transport, har som mål å få dei som kjøper transport til å velje transportbedrifter som følgjer reglane. Bedriftene som skal få stempelet må leve opp til ei rekkje krav.

– Vi informerer stadig vekk medlemmene våre om at overlast ikkje skal skje. Vi har og ei klar oppmoding til Vegvesenet om å intensivere kontrollverksemda. Berre slik kan vi få avdekka detta og ta dei som driv useriøst.