Hopp til innhold

Stadig fleire små born får mobiltelefon

SANDANE (NRK): Alderen for når barn får mobiltelefon går nedover. 16 prosent av alle barn mellom 3 og 5 år har eigen smarttelefon.

Elevar ved Sandane skule

MOBILEN ER POPULÆR: Nora Hugvik, Delina Biniam, Wiktoria Bujnicka, Sondre Svalheim ved Sandane skule har alle mobiltelefon.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg fekk telefon på julaftan i fjor, seier Jofrid Almenning Ravnestad (8).

Ho og klassekompis Malin Edvardsen Klokset har begge hatt mobiltelefonar ei stund. Stadig fleire born får eigen mobiltelefon når dei er ganske så små.

Malin Edvardsen Klokset (t.v) og Jofrid Almenning Ravnestad

HAR MOBIL: Malin Edvardsen Klokset (t.v.) og Jofrid Almenning Ravnestad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dei to jentene seier at så godt som alle i deira tredjeklasse har eigen telefon.

– Eg hadde ønska meg telefon, det var mange i klassen som hadde fått seg, seier Jofrid.

Telefonane er ikkje med på Sandane skule, men ligg heime:

– Eg brukar den til å ringe til mamma og pappa, og så brukar eg den på Youtube og slike ting, seier Malin.

– Mobilen kjem til å bli endå viktigare for borna

Nils Petter Strømmen i Kantar Media står bak undersøkinga Mediebarn for NRK Analyse. 848 born i alderen 3 til 11 år er blitt intervjua om medievanane sine:

– Utbreiinga av smarttelefonar blant born braut laus kring 2009-2010, seier Strømmen.

Nils Petter Strømmen

STÅR BAK UNDERSØKINGA: Nils Petter Strømmen i Kantar media

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Strømmen seier det har kome mykje meir innhald retta mot barn på mobiltelefonane:

– Vi kan vere sikre på at mobilen blir viktigare for barn. Det vil kome heilt nye innhaldstenester.

Skulane bekymra

Rektor ved Sandane skule, Linn Kristin Øren, er uroa over utviklinga:

– Vi har merka ein stor skilnad berre dei siste åra. Det er litt skremmande, og det går altfor fort føler eg, seier Øren.

Linn Kristin Øren

BEKYMRA: Rektor ved Sandane skule, Linn Kristin Øren.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ho fryktar at små born blir for opptekne av telefonen:

– Eg ynskjer at foreldra er klar over kva borna gjer på telefonen, dei kan kome bort i mykje som dei ikkje har kontroll på, seier Øren.

Alle i klassa har telefon

– Eg trur alle i klassa har mobiltelefon, seier Nora Hugvik som er ti år.

Klassekameraten Sondre Svalheim fekk telefonen til jul i fjor.

– Eg vart veldig glad då eg fekk den, eg brukar den til å spele med og slikt.

Veninnene Delina Biniam og Wiktoria Bujnicka er 11 år, og merkar at telefonen er viktig:

– Det hadde vore litt vanskeleg å vere utan, seier Delina.

– Det er kanskje litt dumt å få telefonen for tidleg, for når ein blir eldre kan ein bli litt hekta, seier Wiktoria.

Det er mykje som er viktigare enn telefon

Også borna er samde med rektoren sin i at ein bør avgrense bruken:

– Det er dumt om ein berre går og ser ned i telefonen, det er mange ting i verda som er viktigare enn telefon, seier Malin Edvardsen Klokset.

Ho får støtte frå veninna Jofrid Almenning Ravnestad:

– Det hadde gått bra å vere utan telefon, for eg gjer mykje anna. Det er ikkje bra å bli hekta.