Hopp til innhold

Stadig fleire lever av folk sitt fokus på utsjånad

SOGNDAL (NRK): Iselin Solbakken lever av folk sitt ynskje om å ta stadig fleire behandlingar for skjønnheit.

Brynstyling

ERFAREN: Iselin Solbakken (26) har brukt dei siste åra på å fikse både vipper, bryn, tenner, og negler på andre.

Foto: Linda Watten

Ho og tre andre damer har fire sjølvstendige bedrifter som jobbar under same tak i Sogndal. Solbakken har gjort ei brennande interesse for skjønnheit til levebrødet sitt.

– Eg har alltid vore svært glad i sminke, og møtte opp i barnehagen med leppestift. Den hadde eg stole frå mamma, minnast ho.

Fokus på skjønnheit

Solbakken seier fokuset på skjønnheit er blitt stort, og folk legg att mykje pengar i det.

– I dagen sitt samfunn har folk det meste dei treng, og med grei økonomi brukar dei meir pengar på seg sjølv for å føla seg vel.

Brynstyling

BRYNSTYLING: Solbakken trur kundane set pris på å vakne friske om morgonen etter ulike behandlingar. Her får Randi Alme perfekte bryn.

Foto: Linda Watten

Ei anna som vil leve av behandling og velvære er Trine Kvamme Sætherbø. Ho er sjukepleiar, og tek no vidareutdanning for å bli kosmetisk dermatologisk sjukepleiar. Utdanninga vil ho bruke på å hjelpe andre.

– Eg har sjølv slite mykje med problemhud og akne, og brenn veldig for å skape hudforbetring for andre som slit med det same. Eg veit kor mykje huda kan ha å seie for psyken til ein person, seier ho.

Marknad i vekst

Ho skal starte salong på Skjolden inst i Sognefjorden, og ser at behandlingar i utkantbygdene blir meir og meir aktuelt.

– Det er ein marknad i stor vekst og folk får opp auga for behandling og velvære. Dei er meir opptekne av å forbetra utgangspunktet sitt no enn tidlegare.

Sætherbø tilbyr velvære og etter kvart lettare kosmetiske behandlingar.

Skal opne salong

OPNAR SALONG: Trine Kvamme Sætherbø (22) startar for seg sjølv inst i Sognefjorden slik at folk på bygda også kan få ulike behandlingar.

Foto: Linda Watten / NRK

– Eg har møtt skepsis blant folk som høyrer eg skal til med dette. Dei tenkjer med ein gong at det er unaturleg, men tida har gått framover og dette er heilt vanleg no. Blant alle kundegrupper er det ein eksplosiv vekst no, og dei ynskjer å forbetra utsjånaden sin. Det kan ha mykje å seia for dei, seier ho.

Eksponerte for eit ideale

Sjølv om behandling og perfeksjonering av utsjånad blir meir vanleg, er forskar Tillmann von Soest ved Universitetet i Oslo, litt skeptisk til utviklinga.

Tilmann von Soest

SKEPTISK: Tillmann von Soest ved Universitetet i Oslo har forska på kosmetikk og utsjånad.

Foto: Universitetet i Oslo

– Ein blir heile tida eksponert for eit skjønnheitsidealet gjennom blant anna media, og det fører til at folk blir motiverte til å ta ulike behandlingar. Når dette blir vanlegare blir det også meir akseptert å gjere det. Påverknad frå andre fører til at det blir enklare å gjere det sjølv også, seier han.