No gjer fleire hundre lokalmatprodusentar som han

SANDANE/FØRDE (NRK): Oppstart av fleire REKO-ringar det siste året gjer at kundar kan kjøpe lokale råvarer utan å setje foten i ein butikk. – Interessa har eksplodert, fortel prosjektleiar.

Torstein Kollevåg

SEL DIREKTE TIL KUNDEN: Torstein Kollevåg frå Sølvane Gard sel lammekjøtt og pinnekjøtt frå Kandalen gjennom REKO-ringen i Gloppen.

Foto: Eivind Kandal

– Mange produsentar slit med å kome inn i butikk eller tør ikkje ta steget opp til Bondens Marked, då er REKO-ringen er ein god måte å gjere det på, seier Torstein Kollevåg frå Sølvane Gard i Gloppen.

Som kring 450 andre lokalmatprodusentar i Noreg, har han og Eivind Kandal blitt med i salsnettverket REKO-ringen.

– Det er stor etterspurnad og det er fantastisk å vere med på dette prosjektet, seier han.

Dei sel lammekjøt og pinnekjøt frå garden. Kundane bestiller varene i ei Facebook-gruppe og hentar frå dei og frå andre produsentar til avtalt tid og stad.

100.000 kundar

Ideen kjem frå nabolanda våre, Finland og Sverige. Den første norske REKO-ringen blei starta i november i fjor. No er det nærare 40 slike i Noreg, med over 100.000 kundar knytte til tilbodet.

– Interessa har vore enorm. Vi har hatt fleire oppstartsmøte i månaden. Interessa frå produsentane er kjempestor, og kundane har strøymt til, seier Rebekka Bond, prosjektleiar i «Matnyttig» i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Håvard Larsen er eggprodusent og initiativtakar til REKO-ringen i Førde.

– Vi tenkte vi måtte ha eit lågterskeltilbod som er enkelt både for forbrukar og produsentar, seier han.

Håvard Larsen

KOME FOR Å BLI: Eggprodusent Håvard Larsen trur REKO-ringane har kome for å bli. Han er ein av kring 450 lokalmatprodusentar som er knytte til tilbodet.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Interessa har vore veldig blomstrande.

Lågterskel

Larsen meiner tilbodet passar godt for dei som ikkje vil drive så stort.

– Ein slepp utgifter, betale torgavgifter og slike ting. Det er veldig lågterskel.

– Når kunden betaler direkte til bonde, utan mellomlegg, sit bonden igjen med mykje meir. Det er ein betydeleg forskjell.

Bjarne Huseklepp i Guddal i Fjaler produserer mellom anna røykjelaks, og har fått ekstra fart på salet etter å ha blitt med i REKO-ringen.

Bjarne Huseklepp

SEL LAKS: Bjarne Huseklepp frå Fjaler sel mellom anna røykjelaks gjennom REKO-ringen i Sunnfjord.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det er ein heilt ny måte å levere varer på. Eg har primært levert varer til jul, men no blir det levert utover året, seier han.

Effektiv salskanal

Rebekka Bond legg vekt på at REKO-ringane er ein effektiv og lønnsam salskanal for produsentane.

– Dei fyller kanskje eit tomrom for produsentane som vil selje direkte. Ein kan samle opp mykje lokalsal på kort tid.

– Det verkar som mange kundar har hatt lyst til å kjøpe lokalmat, men så har det ikkje vore så tilgjengeleg. Gjennom REKO-ringane blir lokalprodusert mat lettare tilgjengeleg for kunden. Det er vinn-vinn.

– I vekst

Om eit par år vil ein kanskje sjå at stadig fleire kjøper meir av sine primære råvarer gjennom lokale produsentar, spår Bond.

Ho trur marknaden for dei som ønskjer lokale, kortreiste varer, er i vekst.

Også Larsen trur tilbodet har ei lys framtid.

– Dette er kome for å bli, det er eg heilt sikker på.