Hopp til innhold

Stadig fleire flyg frå Florø

Passasjertrafikken ved Florø lufthamn har auka med over 10 prosent frå januar og fram til september.

Stadheim og lufthamn

AUKE: Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim gler seg over den store auken på flyplassen.

Foto: Steinar Lote/Birger Meland / NRK

Så langt har 154 000 passasjerar vore innom flyplassen, skriv Firdaposten.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim seier til avisa at ein ved utgangen av året vil ha sett ny rekord for tal på passasjerar. Det er næringslivet som først og fremst bidreg til vekst i trafikken.

– Allereie i november vil vi passere årsrekorden for Florø lufthamn. Det er ei spennande utvikling, seier ho.

Hovudårsaka til auken er eit utvida flytilbod frå Widerøe frå Florø. Widerøe ynskjer å sette inn eit større fly frå Florø, men får ikkje lov endå. Eit fly med 50 seter er først aktuelt i 2014.