– Utviklinga er skremmande

Dei siste ti åra har det blitt fleire byråkratar, og færre industriarbeidarar. – Ei skremmande utvikling, meiner NHO.

Verft
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

FORSVINN: Det er ikkje like yrande som før på skipsverftet i Florø. Sidan i fjor sommar har omlag 200 personar mista jobben her, og blitt ein del av ein dyster statistikk.

Det blir færre og færre her i landet som betaler skatt for å lønne dei offentlege arbeidsplassane.

– Utviklinga er skremmande, og vi er veldig bekymra, seier Karin Halle, regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane.

Får ikkje nok verdiskaping

Dei siste ti åra har det blitt 50 000 fleire sysselsette innan offentleg sektor, samstundes som over 30 000 industriarbeidsplassar har forsvunne.

– Dersom vi får ein overoppheta vekst i offentleg sektor, vil det legge endå større press på det private næringsliv. Dei vil rett og slett ikkje klare å ha nok verdiskapning til å betale for dei offentlege arbeidsplassane, seier Halle.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)

Leikanger
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

LEIKANGER: Leikanger er senteret for offentlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Her er både Statens Hus, Fylkeskommunen, Fylkesarkivet, Innovasjon Norge, NAV og Statens vegvesen.

På Leikanger i Sogn og Fjordane er offentleg sektor i kraftig vekst. Men det er ikkje berre her at det blir stadig fleire offentlege arbeidsplassar; for det er ein tendens over heile landet.

I fjor vart det 90 fleire offentlege arbeidsplassar i Leikanger - innan nyttår forventar ein at talet aukar med ytterlegare 60; til rundt 730 offentleg tilsette.

– Det er sjølvsagt ingen grei ordning at det blir fleire og fleire offentlege tilsette i forhold til andre. På den andre sida er den tenesteytande næringa den som veks mest over alt, seier Oddvar Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane.

NAV veks mest

– Vi tilbyr tenester som er landsdekkjande. Og det er den landsdekkjande delen som veks hos oss, seier Flæte.

Ironisk nok er det NAV si nasjonale økonomitenste som veks mest, i takt med at industriarbeidsplassane forsvinn.

– Når ein har ein reduksjon i antall arbeidsplassar i industrien, så er det bra at vi har ein vekst i andre delar av arbeidslivet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Karin Halle
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

UROLEG: Karin Halle i NHO er uroleg for utviklinga.