Ved Familiekontoret fokuserer dei på born og vald i heimen, og dei ser at born får store lidingar fordi dei opplever vald. Born fortel om verbal vald, fysisk vald der ting blir øydelagt, og psykisk vald som er retta mot ein av foreldra.
- Dette kan gje store traumer, seier Sæbø.
- Vanskeleg å ta opp
Familiekontoret samarbeider med Senter for krisepsykologi i Bergen for å gje borna eit rett behandlingstilbod. Sæbø seier det er vanskeleg både for foreldre og born å ta opp problemet.
Dei kan få fleire sjukdomsteikn, og for å gje borna ei rett behandling har Familiekontoret starta eit samarbeid med Senter for krisepsykologi i Bergen.