Hopp til innhold

Stadig færre gjer som denne gjengen

HALSØR/KLAKEGG (NRK): Juletreet er fast inventar i dei fleste heimar i landet denne månaden, men det er stadig færre som tek seg bryet med å gå ut og hogge tre sjølv.

To familiar leitar etter, og hogger juletre. Ein juletreseljar fortel kvifor han trur færre hogger juletre sjølv no enn tidlegare.

JAKTAR TRE: Denne gjengen har lang tradisjon for å finne og hogge sitt eige juletre.

– Det er ein heilt annan sjarm å ha eit juletre i stova som ein har hogga sjølv. I vår familie går vi alltid rundt juletreet og då er det ekstra stas at det er eit tre som er personleg, fortel Kristin Blaalid.

Sjølv om det bles og er ruskete vêr på Halsør i Vågsøy denne dagen har ho saman med mannen Kjell Oldeide og venene Ingrid Sunde og Tone Sunde teke turen ut for å finne årets juletre.

FØRSTE TRE. Fleire tre skal hoggast og dei har funne sitt første.

FØRSTE TRE. Fleire tre skal hoggast og dei har funne sitt første.

Foto: Kathrine Nygård

– Vi bryr oss ikkje om vêret, vi er jo vestlendingar, smiler Blaalid.

Med sag og høge støvlar kliv dei opp i skogen som venninna Tone Sunde eig. Dei synest dei er heldige som har moglegheit til å hente frå eigen skog.

– Dette har vore tradisjon i mange år og vi kjem til å halde fram med det så lenge vi kan. Det er ein viktig del av juleførebuinga, fortel Sunde.

Fleire som kjøper tre no enn før

I snart sju år har Trygve Bolset sørga for at bygdefolk har tre på julekvelden. Frå april kvart år førebur han seg på den travlaste tida på året. Han merkar at fleire er interessert i å kjøpe treet sitt ferdig hogga og ferdig pakka no enn tidlegare.

– Det verkar ikkje som folk har tid til å gå ut i skogen og hogge sjølv, den tradisjonen trur eg det blir meir og meir slutt på, seier Bolset.

FLEIRE TUSEN TRE. Bolset har over 2000 tre til sals. Her står han ved lia med trea han har pleia i f

FLEIRE TUSEN TRE: Bolset har over 2000 tre til sals. Her står han ved lia med trea han har pleia i fleire år

Foto: Kathrine Nygård

Han har over 2000 tre oppover bakkane på Klakegg i Jølster som er klare for julestover i grendene.

– Eg tilbyr folk å kjøpe ferdighogga tre eller å få med seg skikkeleg utstyr å hogge treet sjølv. Til trass for at det er heilt lik pris er det nesten ingen som takkar ja til å hogge det sjølv. Det er meir populært å få det gjort kjappast mogleg, fortel han.

Og tenestene hans er populære når julestresset er på sitt verste.

– Ein gong fekk eg ein desperat telefon på sjølvaste julaftan. Då var ein familie på veg i kyrkja og hadde gløymt å ordne juletre. Då sneik eg meg inn hjå dei medan dei var i kyrkja og fekk på plass treet, fortel Bolset.

– Ein kan kjenne seg som ein slags julenisse, flirer han.

Forskjell på bygd og by

Dagleg leiar i organisasjonen Norsk Juletre, John-Anders Strande, ser at forskjellen på bygd og by blir tydlegare for kvart år.

John-Anders Strande, daglig leder i Norsk Juletre

HOGST I BYEN. John-Anders Strande veit ikkje om det finst svar på kvifor byfolk plutseleg er meir interesserte i sjølvhogst enn folk på bygda.

Foto: Henrik Bøe

– Det finst ikkje eksakte tal men vi har opplevd stor nedgang dei siste åra av folk som hogg tre i skogen. Fleire nyttar seg av juletreprodusentar som Bolset, fortel Strande.

Trass i nedgang av sjølvhogst merkar organisasjonen auke i etterspurnaden på sjølvhogst i byen samanlikna med på bygda.

– Det er fleire frå dei store byane som hogg sjølv enn på bygda. Likevel er det mest populært både på bygda og i byen å kjøpe treet ferdig hogga, fortel han.

Strande trur ikkje trenden kjem til å snu med det første.

– Folk er i tidsklemma og har høge krav til korleis treet skal sjå ut, og difor er det logisk at folk vel som dei vel, avsluttar han.