Hopp til innhold

Stadig færre elevar - rektor trur dei med odel vel andre utdanningar

Det er mange år sidan klassane på Sogn jord- og hagebruksskule var fulle. I år er det berre 12 elevar i andre klasse.

Sogn jord og hagebruksskule i Aurland

MANGE LEDIGE PLASSAR: Dette skuleåret er det 23 ledige elevplassar ved Sogn jord- og hagebruksskule.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Rektor Bjørg Fritsvold ved Sogn jord- og hagebruksskule seier til bygdebladet Aurlendingen at dei skal jobbe for å snu trenden.

I år står over halvparten av dei 28 plassane skulen tilbyr ved VG2 ved skulen ledige, berre 12 elevar går no andre klasse på skulen. Ledige plassar er ikkje noko nytt ved skulen, og samla står det i år 23 elevplassar ledige. Det er fleire ledige plassar enn nokon gong tidlegare.

Fritsvold seier til Aurlendingen at nedgangen i talet på elevar følgjer den generelle trenden med at det har vore nedgang i talet søkjarar til landbruksutdanningar.

– I dag er økonomien i landbruket dessverre slik at alle som arvar ein gard vel ei utdanning som sikrar eit yrke i tillegg til gardsdrifta, seier Fritsvold.

Ho lovar at skulen no skal jobbe målretta for å snu den negative trenden og seier dei ikkje vil grave seg ned.

– Vi skal sjå på om vi kan gjere tilpassingar slik at det samla tilbodet vårt blir meir tilpassa den verda vi lever i, seier Fritsvold til bygdebladet.