Hopp til innhold

Overraskande gode tal for NAV

Det er 89 færre arbeidsledige i Sogn og Fjordane enn i juni i fjor. Det er ein reduksjon på ni prosent.

NAV

LÅG ARBEIDSLØYSE: Sogn og Fjordane har framleis flest innbyggjarar i arbeid.

Foto: Else Jorunn Saga / NRK

Sogn og Fjordane held seg framleis på topp når det kjem til arbeidsstyrke. I ei pressemelding frå NAV går det fram at fylket har klart lågast arbeidsløyse i landet.

Langt betre enn venta

Ved utgangen av juni er det 865 arbeidsledige i fylket, noko som svarar til 1,5 prosent av arbeidsstyrka. På landsnivå er 2,4 prosent heilt utan arbeid.

– Vi er veldig godt nøgd med det at vi framleis er det fylket som kan operere i denne enden av statistikken. Det som er endå meir gledeleg er at det faktisk er nedgang frå førre månad også, og ikkje berre samanlikna med fjoråret. Så dette er gode tal for Sogn og Fjordane, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes til NRK.

Noko av grunnen til arbeidsløysa har blitt redusert også i mai er færre permitterte i fiskeindustrien. Det er 44 færre permitteringar i år enn i fjor. I år er 93 av dei arbeidsledige i fylket er permitterte.

– Næringslivet går godt

Det er i dag 89 færre arbeidsledige i Sogn og Fjordane enn i juni i fjor. Det er ein reduksjon på heile ni prosent. Thorsnes hadde ikkje heilt rekna med slike tal.

– Vi hadde vel kanskje rekna med å få ei viss auke, fordi det har vore eit par bedriftsnedleggingar som vi trudde ville gi større utslag enn dei har gjort. Så sett i det perspektivet er dette ekstra gledeleg, seier NAV-direktøren.

Han trur at overraskande tal som dette er eit teikn på at næringslivet i Sogn og Fjordane går godt.

– Det har også næringslivet gitt uttrykk for sjølv i næringbarometeret som vi lagar kvart år. Sjølv om optimismen er litt usikker no grunna situasjonen i Europa og særleg innan eksporten har det vore ein viss utryggleik. Men det er jo viktig at når bygg- og anleggverksemda er på topp og industrien går godt, så fungerar det veldig bra i fylket vårt, seier Thorsnes.

I bygg og anlegg og i industrien har arbeidsløysa hatt ein reduksjon på 28 og 16 prosent. I undervisninga har det derimot auka med 50 prosent frå i fjor.

Gode forutsetnader for framtida

Det har blitt registrert 547 nye stillingar som er ei auke på 24 prosent frå same periode i fjor. Auka er størst innan helse, pleie og omsorg, og innanfor barne- og ungdomsarbeid.

Om denne trenden held fram er vanskeleg å sei, men Thorsnes meiner det er gode forutsetnader for det.

– Det er vanskeleg å spå det i desse tider, men det viser seg jo at vi står godt i mot dei trendar som er ute og går i Europa, og det er som sagt i eksportnæringa vi vil merke det først. Førebels er det ingenting som tyder på det, men dette snur fort . Vi håpar på at Norge skal klare å ri stormen av denne gongen også, og vi har dei beste forutsetnader for det, seier han.

Av kommunane i fylket er det Balestrand, Vik og Hyllestad som har hatt størst reduksjon samanlikna med same tid i fjor. Med Vik og Hyllestad tett bak går Balestrand går mest ned med 80 prosent, medan Aurland aukar mest med 83 prosent.