NRK Meny
Normal

Stadheim trenar med Sogndal

Anders Stadheim trenar igjen med Sogndal, men framtida er framleis svært uviss for midtbanespelaren.

Anders Stadheim

Anders Fossøy Stadheim vart lenge sett på som eit av landets største fotballtalent. No har 30-åringen ei uviss fotballframtid.

Foto: Sander Heggheim / NRK

- Anders har spurt om å få trene med oss. Så får vi sjå kor lenge det blir, seier trenar Karl Oskar Emberland.

Fekk "treningsfri"

30-åringen er framleis under kontrakt med Fredrikstad, men er ikkje i spelarstallen for kommande sesong i Eliteserien. Stadheim har fått såkalla "treningsfri" og får ikkje vere med på sesongoppkøyringa på La Manga.

Noko som betyr at han har fint lite med klubben sin å gjere - utover at dei framleis betalar løna hans til kontrakten går ut eller han finn ein ny klubb.

- Ingen kommentar

Stadheim vart skildra som eit av landets største fotballtalent og gjekk i 2006 til Fredrikstad for 3,5 millionar kroner. Han har aldri klart å spele seg inn på laget og har ved to høve vore utlånt til Sogndal. Verken Emberland eller Stadheim sjølve vil kommentere framtida til midtbanespelaren.

- Situasjonen no er at han ville trene med oss, og det skal han sjølvsagt få lov til. Utover det har eg ingen kommentar, seier Emberland.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.