Hopp til innhold

Stadheim til Fredrikstad?

Anders Stadheim vil bestemme seg for om han går til Fredrikstad før torsdag. Sogndal og Fredrikstad er samde om overgangen, og alt er no opp til Stadheim sjølv.

Anders Stadheim ser i kveld kampen mellom Fredrikstad og Start. Han seier han deretter skal i samtalar om ein eventuell overgang.

Styreleiar i Sogndal Fotball, Rolf Navarsete, stadfestar at tippeligaklubben har kome med eit bod på Stadheim.

Utover det vil ikkje Navarsete kommentera innhaldet. Stadheim har kontrakt med Sogndal i to år til.

- Ei avklaring vil kome i løpet av eit par dagar, seier Navarsete.

Etter det NRK Sogn og Fjordane har grunn til å tru ligg bodet på den tidlegare landslagsspelaren under det Lyn betalte for Christian Brink. Midtstopparen gjekk frå Sogndal til Lyn for rundt fem millionar kroner.