NRK Meny
Normal

Stadheim klar for Sogndal

Fotballspelaren Anders Stadheim har skrive eittårs-kontrakt med Sogndal Fotball.

Anders Stadheim

Anders Stadheim

Foto: Sander Heggheim / NRK

- Anders har gjort det bra for oss i vinter. Han har jobba hardt og seriøst, og vi håpar han skal blomstre denne sesongen, seier trenar Karl Oskar Emberland til sogndafotball.no .

Blomstra

Anders Stadheim gjekk til Fredrikstad i 2006 for 3,5 millionar kroner. Der spelte han seg aldri inn på laget og har vore utlånt to gonger til Sogndal sidan den tid.

I vinter har Stadeim blomstra på ny på trening og treningskampar med moderklubben.

Gler seg

Anders Stadheim er fristilt frå kontrakten med Fredrikstad og har såleis fri overgang til Sogndal. Kontrakten blei underteikna like før overgangsvindauget stengde.

Stadheim gler seg til å komme i gang med seriekampane.

- Eg skal i allefall vere med på å hindre nedrykk, ler han.