Hopp til innhold

Stadheim gir seg med fotballen

Seks år etter at han debuterte på landslaget, har Anders Stadheim (29) bestemt seg for at nok er nok. No ser han tilbake på sin eigen karriere.

Anders Stadheim

SLUTT: Anders Stadheim har lagt opp som fotballspelar, og innteke sin nye faste plass på tribuna. - No er det kjekkare å sjå på. Då er det kanskje betre at eg ikkje er utpå der, seier han.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Sjølv om eg ikkje såg for meg å leggje opp som 29-åring, har det blitt slik no. Eg kunne ha gått på eit år til, om klubben hadde hatt lyst til det. Men med opinionen og det tynnslite tolmodet her i Sogndal, så vart det slik - og det eigentleg berre kjennest betre og betre, seier Stadheim.

Debuterte for landslaget

Det er ein av Sogn og Fjordane sine mest hylla og mest utskjelte fotballspelarar som no legg støvlane på hylla.

Det er lenge sidan han debuterte for Sogndal i 1999. Stadheim tilhøyrer den mykje omtala 80-generasjonen i klubben, og herja i åra framover norske fotballbaner saman med Tommy Øren, Alexander Ødegaard og Rune Bolseth.

I 2004 fekk han sin første og siste kamp med det norske flagget på brystet.

- Trenaren ville ikkje ha meg

No har tre års samanhengande motgang teke frå 29-åringen all motivasjon. Kontrakten han skreiv med Fredrikstad i 2006 skulle vise seg å ende med ein sportsleg nedtur for den tekniske briljanten.

- Opphaldet der vart øydelagt då eg sette namnet mitt på kontrakten. Eg hamna midt i ein maktkamp mellom Morgan Andersen og Knut Torbjørn Eggen, og fekk ikkje vite før i ettertid at trenaren eigentleg ikkje hadde lyst til å ha meg ned der i utgangspunktet. Og då er det jo vanskeleg, seier Stadheim.

Artikkelen held fram under biletet

Anders Stadheim

I GLANSDAGANE: Den teknisk briljante Anders Stadheim imponerte så mykje for Sogndal, at han fekk sjansen på landslaget i 2004. Men eit opphald i Fredrikstad var starten på ein lengre sportsleg nedtur.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Tøft å spele for sine eigne

Allereie hausten etter var han tilbake i Sogndal - først på lån, så på fast kontrakt. Men publikum fekk ikkje det dei ønskte seg: Hælsparka, brassesparka og tunnelane var erstatta med ein tyngre og mindre motivert midtbanespelar.

Og då kom mishagsytringane - smertefulle for ein ekte sogndøl.

- Det blir noko heilt anna å spele for 70.000 - då blir publikum heilt unisont. Men i Sogndal kan eg få drit, snu meg og sjå ein eg kjenner. Generelt sett er publikum i Sogndal for lite flinke til å støtte laget. Fotball er eit marginalt spel, og dei der ute på bana gjer så godt dei kan, seier 29-åringen.

Frå toppspelar til gutetrenar

No er den nye posisjonen hans ein sitjeplass på det øvre feltet på hovudtribuna på Fosshaugane. Stadheim valde å takke nei til fleire tilbod frå lag i norsk 1. divisjon.

- Korleis har du det no, eigentleg?

- Sambuaren min seier eg er i betre humør no enn då eg spelte...

Stadheim har erstatta fotballtreningane med studier og jobb, og han har teke på seg å trene eit gutelag.

- No er det kjekkare å sjå på enn å spele sjølv. Og då der det kanskje betre at eg ikkje er utpå der, seier han.