Stadfestar at usemja i regjeringa om E39 står mellom SV og Sp på eine sida og Ap på andre

Liv Signe Navarsete stadfestar at usemja i regjeringa om kvar E39 skal gå i Nordfjord, står mellom Senterpartiet og SV på eine sida, og Arbeidarpartiet på den andre.

Liv Signe Navarsete

PRESSAR PÅ: Liv Signe Navarsete hevda ho pressar på for å få ei avgjerd i E39-striden i Nordfjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Etter den omfattande E39-debatten på stamvegkonferansen i Førde fredag, la Navarsete ikkje skjul på at ho gjerne skulle hatt ei avgjerd no før valet.

– Eg pressar sjølvagt på det eg kan for å få ei avgjerd sentralt, men vi er tre parti. SV og Senterpartiet er samde i denne saka, Arbeidarpartiet har kasta seg frå det fylkestinget har vedteke i denne saka og då har vi ei utfordring på det, sa Liv Signe Navarsete etter den direktesende debatten.

Må ha avgjerd før jul

– Men kvifor kjem det ikkje ei avklaring på kva løysing ein skal velgje for E39 i Nordfjord no før valet?

– Det er ikkje val enda, så vi får no sjå. Uansett så er det slik at Nasjonal transportplan der desse prosjekta ligg, den startar å gjelde frå 1. januar 2014. Til dess er det no viktig at vi får på plass planleggingsmidlar, slik at vi kan kome skikkeleg i gang med planlegging av fjordkryssing, og då må jo også avgjerda vere teken i høve Nordfjord, sler Navarsete fast.

Høyr heile debatten om E39 her:

– Ikkje truverdig

Ho hevdar samstundes å sitje med eit inntrykk av ei Høgre-side som er splitta og sterkt usamde ulike sider ved E39-saka.

– Dei er sterkt usamde om både bompengar og korleis ein skal byggje ut. Men som også overbyr seg sjølv og vil ha meir pengar til alt. For meg er ikkje det truverdig. Vi har lagt fram ein plan frå regjeringa, vi har vist at vi held planane, vi følgjer opp med pengar og folk kan stole på at vi vil følgje opp vidare framover.

– Forvirrande

Stortingsrepresentant for Høgre og listetopp Bjørn Lødemel meiner derimot at det Navarsete kjem med ikkje held mål for å få ei avklaring på kvar E39 skal gå i Nordfjord.

– Dette er jo både klargjerande og forvirrande. Det er jo nesten umogleg å vite kva Liv Signe vil i Nordfjord. No hasta det brått ikkje heller, og akkurat den biten er forvirrande.

Paneldebatt E39

TØFF DEBATT: Listetoppar og andre sentrale politikarar var fredag samla til debatt om E39 i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Går for indre linje

– Men vil det gå raskare med ei ny regjering?

– Vi har meir pengar til investering, vi har andre måtar å løyse ting på. I tillegg til det så har vi bestemt oss for kva løysing vi skal velgje i Nordfjord. Vi går for indre linje og vi ber om at det blir lagt til grunn for planlegginga, seier Lødemel.

Høgre sin toppkandidat i Sogn og Fjordane meiner at Høgre har gjort opp sitt bord så langt i E39-saka.

– Men det er jo litt trasig å oppleve andre parti som Senterpartiet, KrF og til dels også Venstre ikkje har sagt kvar vegen skal gå frå brua i midtre Nordfjord, sler Lødemel fast.

Frå Twitter og Facebook om E39-debatten:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Det er nokå innlysande. Om ein vil ha ein veg som på same tid er mest samfunnsnyttig, kort og rimeleg vel ein veg over Anda-Lote, Stigedalen, Voldsfjorden og vidare nordover om lag som i dag. Ikkje ein stor sving om Stryn og ein stor sving om Hareid. Skal vegen gå om Hareid må ein og bygge nye/ekstra tunnellar der då tryggleiken for Europaveg ikkje er god nok med det som alt er (nytt). Denne kostnaden kjem i tillegg til alt det andre på Møre. Og, ikkje minst vert vegen maksimalt lang. Men, det er det nesten ingen på Møre som nemner. Berre ein kjem unna på billegaste måte i Sogn og Fjordane. Lødemel og Støyva og co. vil also unngå ein liten s (som eg er heilt samd i) og byte han i ein stor, lang og dyr S. Nei, kortaste og mest tenelege veg er Anda-Lote, Stigedalen og Festøy på Møre.

Kristen Vereide på Facebook

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.