– Det er ei gledeleg melding at regjeringa i større grad legg opp til at kommunen kan forvalta si eiga utmark, seier ordførar Ivar Kvalen i Luster til NRK.no.
– Tillitserklæring til kommunane
– Dette er eit klarsignal til den enkelte kommune, som no kan gå i gang med det kommunale planarbeidet. Den enkelte kommune skal dermed kunne ha snøscooterløypene klare til neste sesong, seier Jan Tore Sanner i ei pressemelding.
Kommunalministeren viser til at han har stor tillit til at kommunane skal ivareta sitt forvaltningsansvar på ein god måte.
Han presiserer at forsøket skal skje innan fastsette rammer i forskrifta og at forsøket ikkje er ein frislipp for scooterkøyring. Men at kommunane no kan gå vidare med reguleringsarbeidet der dei blant anna skal ta omsyn til friluftsliv og naturmangfald.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Luster ein av 87 kommunar
Luster kommune er ein av dei i alt 87 kommunane som blir ein del av snøscooterforsøket og ordførar Ivar Kvalen er nøgd med stadfestinga frå kommunalministeren.
NØGD: Ordførar i Luster kommune er nøgd med at Luster kom med i snøscooterforsøket.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– For Luster kommune inneber dette at der det er frivilligheit og ynskje om det kan ein leggje til rette for scooter-trasear i område som ikkje er i konflikt med verneinteresser, vilt eller andre friluftsinteresser, fortel ordførar Ivar Kvalen.