Hopp til innhold

«Dette er berre forferdeleg»

Talsmann for helikopterselskapet Airlift, Gunnar Nordahl, var i kveld svært prega av den tragiske ulukka i Hardanger der fem menneske mista livet.

Video Airlift om helikopterulukka

STERKT PREGA: Gunnar Nordahl og dei andre tilsette i Airlift var måndag kveld samla på selskapet sin hovudbase på Førde lufthamn.

Foto: Alf Vidar Snæland

Nordahl, og mange av dei andre tilsette i selskapet, kom til Airlift sin hovudbase på Førde lufthamn Bringeland måndag kveld. Ein av deira mest erfarne pilotar mista livet, saman med fire passasjerar.

Veit lite sjølv

– No må vi sikre at vi tar vare på det som skal takast vare på. Ikkje minst pårørande og tilsette. Det er vårt hovudfokus akkurat no, sa Nordahl til NRK.

Han og dei andre i Airlift visste sjølv lite om kva som hadde skjedd oppe i fjellet mellom Eidfjord og Kinsarvik.

– Vi veit eigentleg veldig lite, vi veit at det var eit standard oppdrag i samband med hyttebyggjing i Ullensvang kommune i nærleiken av Eidfjord. Det politiet har stadfesta er at alle har omkome, fortel Nordahl.

Erfaren pilot

Førebels har ikkje politiet frigjeve nokon av namna på dei som var ombord. Pårørande vert framleis oppmoda om å kontakta krisesenteret som Ullensvang herad har oppretta i Kinsarvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Airlift om helikopterulukka

Airlift om helikopterulukka

Piloten på helikopteret av typen AS 350 B3, var svært erfaren og knytta til Airlift sin base i Kinsarvik.

– Det er sannsynlegvis verdas mest brukte helikopter. Det er eit solid, driftssikkert helikopter. Difor er det populært blant alle som driv med helikoptertransport, fortel Airlift-talsmannen om helikoptertypen som styrta i Hardanger.

Fem dødsulukker

Airlift har i alt 11 helikopter av denne typen, og det var måndag kveld uvisst om dei vil bli tekne ut av trafikk til årsaka til ulukka er klarlagt. Med styrten i Hardanger måndag, har Airlift i alt opplevd ni ulukker sidan 1996. Fem av desse har kravd liv.

– Like tragisk kvar gong. Det er klart at det gjer noko med oss. Må berre jobbe vidare og sørge for at vi gjør det beste for dei som sit att, seier Gunnar Nordahl.

Klokka 22.17 opplyste politiet i Hordaland at helikopteret styrta då det var ute på sin andre tur for å frakta hyttebyggarar inn i området.

Det var den første gruppa som blei flogen inn som melde frå om ulykka, opplyser politiet.