NRK Meny
Normal

Stadfestar at han skal svare på aust-vest veg

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen seier no at han ikkje har planlagt å utsetje valet av den nordlege hovudvegen mellom aust og vest.

Ketil Solvik-Olsen

AVGJERD SKAL KOME: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Samferdsleministeren stadfesta dette på Facebook-sida si i ettermiddag.

Det skjer etter at NRK Sogn og Fjordane tidlegare i dag melde at samferdsleministeren ikkje vil svare på om ei utsetjing av avgjerda om ny aust-vest-stamveg er aktuelt.

«Kjære NRK Sogn og Fjordane, kjære alle vegvenner. Jeg har IKKE planlagt å utsette valg av hovedvei mellom øst og vest, slik NRK SF nå melder i nyhetene. Det er ingen grunn til noe "opprør"», skriv samferdsleministeren på Facebook.

I innlegget viser Solvik-Olsen til at det i artikkelen står at han skal legge fram avgjerda si i Nasjonal Transportplan.

Ba om svar

Bakgrunnen var at NRK gjennom to førespurnader til kommunikasjonsavdelinga i samferdsledepartementet bad om å få intervju med Solvik-Olsen for å få avklart om ei utsetjing var aktuelt, slik den nye kvalitetssikringsrapporten tilrår.

Det skriftlege svaret opna for tvil om at avgjerda kunne vere å utsetje heile trasevalet. NRK bad då kommunikasjonsavdelinga i departementet avklara dette. Denne avklaringa kom ikkje, og det vart skriftleg vist til det svaret NRK alt hadde fått.

Næringsinteresser og politikarar på vestsida av fjellet vart overraska over manglande avklaring frå ministeren.

Solvik-Olsen på Facebook

SVAR: Samferdsleministeren svarte på Facebook.

Foto: Facebook

Er på møte

Samferdsleministeren var på vegmøte på Gol måndag kveld.

Der møtte han vegforkjemparar og næringslivsfolk på begge sider av fjellet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.