Denne tunnelen skal utgreiast for 21. gong

30 år med utgreiingar har gitt 20 tjukke rapportar, men politikarane vil ha meir. No skal Kystverket rekne på nytt.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Skisse av Stad skipstunnel slik den kan bli sjåande ut frå nordsida av Stadlandet. Det er her halvøya er smalast.

Foto: KYSTVERKET/SNØHETTA

– Det kan virke som ein parodi. Det er vel ingen samferdsleprosjekt i Noreg som har hatt så mange utgreiingar, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF).

Skipstunnelen har fått stor merksemd både i Noreg og utlandet. Målet er at skipstrafikken skal unngå det farefulle havstrekket forbi Stad. Tunnelen kan bli 1700 meter lang. Prisen var meint å bli 2,7 milliardar kroner.

Rett før jul bestilte Samferdsledepartementet utgreiingsrunde nummer 21. Den skal vere ferdig 15. juni i år. Årsaka er at ulike rapportar har ulik pris på tunnelen.

– Ein må våge å bestemme seg. Det er grunn til å bli skeptisk når politikarane berre skubbar avgjerda framfor seg, seier Osdal.

Trur ein kjem like langt

20 ulike rapportar har gitt ulike svar. I fjor kom den førebels siste, Kvalitetssikring 2.

Prisen for tunnelen var blitt 3,7 milliardar kroner, 1 milliard meir enn Kystverket trur.

Rapporten var elles knusande. Tunnelen vil ha liten effekt for sikkerheit fordi båtane er blitt større og fiskefartøya færre. Kart og varsling er blitt betre med åra.

Tunnelen vil ha liten betydning for framkome, og samfunnsøkonomisk vere svært ulønsam.

Tilhengarane meiner på si side at rapporten tek feil, og at den undervurderer nytta av tunnelen. Dei stolar heller på Kystverket sine tal.

– At det skal sitte så langt inne å få til eit særdeles viktig tryggingstiltak på havet er skremmande, seier Stein Robert Osdal.

Stad skipstunnel

TURISTATTRAKSJON: Planane om ein stor skipstunnel har vekt merksemd over heile verda. Her er inngangen på sørsida i Moldefjorden i Selje kommune.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Vi må få kontroll med kostnadane

I oppdragsbrevet til Kystverket er Samferdsledepartementet bekymra for dei auka kostnadane.

Men dei dårlege tala for samfunnsnytte og tryggleik er lagt lite vekt på.

Tommy Skjervold

VIL HA FLEIRE TAL: Statssekretær Tommy Skjervold (Frp).

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Rapporten viser vesentleg lågare samfunnsnytte enn prosjektet opphavleg hadde, men for fleirtalspartia er likevel Stad skipstunnel eit viktig prosjekt. Den er viktig for skipstrafikk og det regionale næringslivet, seier statssekretær Tommy Skjervold (Frp).

– Kva synest de om alle utgreiingane?

– Stad skipstunnel har vorte greia ut under fleire regjeringar. Eit resultat har vore at kostnadene har auka betydeleg. No tar vi ein gjennomgang for å få kontroll med kostnadane, seier Skjervold.

Byggestart blir utsett

Prosjektleiar i Kystverket Terje Andreassen seier prislappen truleg blir om lag som Kystverket har rekna med.

Til NRK i haust opna samferdsleministeren for å vurdere ein mindre tunnel, men i fylgje Andreassen vil det bety at ein må starte heilt på nytt.

– Vi går for same storleiken, men skal svare på usikkerheita ved kostnadane som er stilt, seier Andreassen.

Målet til forkjemparane var byggestart i revidert nasjonalbudsjett til våren. Det sit truleg langt inne no.

– Vi bør ha to år på oss frå vi får oppstartsløyving til vi kan bygge, seier Andreassen.

MS Nordkapp i storm

STORMFULLT: Hurtigruta MS Nordkapp i storm over Stadhavet i 2011. Hurtigruten ASA seier dei ikkje vil bruke skipstunnelen.

Foto: Thomas Bickhard / NRK