Forkjemparane for den planlagde skipstunnelen på Stad må endå ein gong konstatere at prosjektet er langt unna realisering.
- LES OGSÅ:
Prosjektet har vore utgreidd og kostnadsalysar har vore gjennomført fleire gonger tidlegare. Men no krev Fiskeri- og kystdepartementet nye analysar.
Kostnader på over 500 mill.
– Stad skipstunnel er dimensjonert for større farty, noko som gjer det naudsynt å gjennomføre ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet, seier ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen.
– Men prosjektet har vore utgreidd fleire gonger tidlegare. Kan det vere naudsynt med nye utgreiingar?
– Stad skipstunnel er eit veldig stort prosjekt med ei kostnadsramme på over 500 millionar kroner. Då er regelverket slik at det må ekstern kvalitetssikring til, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Skuffa over regjeringa
Jan Helgøy i Stad Skipstunnel er skuffa over regjeringa.
– Det er skuffande at prosjektet ikkje er sett høgare opp på prioriteringslista. Dette er eit prosjekt som vil vere svært viktig for skipsfartstryggleiken og som burde vore realisert for lenge sidan. Vi treng handling, ikkje fleire utgreiingar, seier han.
Må vere samfunnsmessig lønsamt
Sjølv om det ikkje er sett av midlar til Stad skipstunnel på 2011-budsjettet, er det tidlegare sett av 200 millionar til prosjektet i perioden 2013 til 2019 i Nasjonal transportplan.
- LES OGSÅ:
Om prosjektet verkeleg vil bli gjennomført, vil vere avhengig om det er samfunnsmessig lønsamt, trur Benjaminsen.