NRK Meny
Normal

Håpar på pengedryss til skipstunnelen i statsbudsjettet

Fem til seks millionar kroner bør ligge klare til Stad skipstunnel dersom framdrifta skal gå som planlagt, meiner prosjektleiaren.

Randi Humborstad

SPENT: Prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad, håpar på pengar i statsbudsjettet.

Foto: Øystein Torheim

– Eg er veldig spent, vi har store forventingar. Vi håpar dei har øyremerka planleggingsmidlar til Stad skipstunnel, slik det var i fjor. Då låg det inne fem millionar. Vi håpar på 5–6 millionar denne gongen også, seier Randi Paulsen Humborstad.

Prosjektleiaren for den mykje diskuterte skipstunnelen ved Stad ventar med stor spaning på om det står noko om prosjektet i morgondagens statsbudsjett.

– Kystverket treng midlar for å ha framdrift i prosjektet. Dei har arbeidd godt med prosjektet dette året. No er dei i sluttfasen av ein forstudie som skal leverast til Samferdsledepartementet innan nyttår, fortel prosjektleiaren.

Det har teke lang tid å få prosjektet dit ein er i dag, med mange utgreiingar og faglege vurderingar i hopetal. Humborstad forstår at nokre er utolmodige.

– Det er slik på store prosjekt, men vi er komne veldig langt, og ser lyset i enden av tunnelen. Løyvingane som kom i nasjonal transportplan i fjor var ein milepæl for prosjektet, seier ho.

Parallelt med forstudien vil ein starte med reguleringsplan for skipstunnelen. Men skal ein kome heilt i mål, så må regjeringa ha sett av meir pengar, meiner Humborstad.

– Alt dette avheng av at det er pengar på statsbudsjettet, og at forstudien blir bestilt av departementet, seier ho.