Hopp til innhold

Stabæk-nei til Sogndal

Stabæk seier blankt nei til Sogndal sin førespurnad om å få leige Mikkel Diskerud ut sesongen.

Mikkel Diskerud

BLIR PÅ FORNEBU: Stabæk vil ikkje leige ut Mikkel Diskerud.

Foto: Erlend Aas / SCANPIX

– Det er totalt uaktuelt å leige ut Diskerud til Sogndal. Vi har motteke førespurnaden, men har null interesse av å leige ut Mikkel til eit førstedivisjonslag, seier sportsleg leiar Tom Schelvan i Stabæk til NRK.no.

Måndag morgon stadfesta Sogndal Fotball sin daglege leiar, Egil Mundal, overfor NRK at serieleiaren i førstedivisjon hadde kontakta Stabæk med tanke på å få til ein utlånsavtale for den 19 år gamle midtbanespelar som har vore i usemje med Stabæk-leiinga.

Bærums-klubben vil likevel ikkje vurdere førespurnaden.

– Det har vore litt usemje mellom klubben og Mikkel, men dette vil bli ordna opp i. Han har eitt og eit halvt år igjen av kontrakten og vi ønsker å forlenge med Mikkel etter det, seier Schevlan.

Dermed ser det ikkje ut til at Mix, som han blir kalla, blir Sogndal-spelar med det først. Klubben frå Saftbygda har frå før spelarane Espen Olsen og Isak Scheel med fortid i Stabæk.