Hopp til innhold

Stabæk måtte køyrast heim i Sogndal-bussen

Første tapte dei 4–1 for Sogndal. Så vart flyet heim kansellert. Løysing: låne bussen til motstandarlaget og køyre heim i seks timar.

Jeppe A. Moe

HUMOR: Stabæk sin Jeppe A. Moe og lagkameratane har humor sjølv etter stortap. Fotografen er kaptein Morten Skjønsberg, og bildet fann fort vegen til Facebook og Instagram.

Foto: Facebook

– Vi tar dette humoristisk. Ingen sure miner. Men det er klart eg har hatt betre turar til Sogn, flirer Stabæk-kaptein Morten Morisbak Skjønsberg.

Han og kameratane på Stabæk sat på Sogndal-bussen og nærma seg Hønefoss på veg heim.

Stabæk tapte 4–1 mot Sogndal på Fosshaugane onsdag. Heimturen for Stabæk var planlagt torsdag. Men dårleg ver gjorde at flyet vart kansellert.

Då måtte Nettbuss trø til.

– Vi måtte skaffe dei buss for fly. Dei måtte ha to bussar, faktisk. Og det vi hadde å tilby var mellom anna Sogndal-bussen, fortel avdelingsleiar Else Nesøy.

– Sidan dei ikkje fekk med seg poeng heim, måtte dei jo få noko anna, smiler ho.

Stabæk

TEK DET MED FATNING: Stabæk-spelarane på veg heim i Sogndal-bussen.

Foto: Morten Morisbakk Skjønsberg

Grei stemning

Ifølge kaptein Skjønsberg er stemninga fin i bussen.

– Vi har teke buss mange gonger, så vi er ikkje uvant med dette. Men det var jo ikkje heilt planlagt. Eigentleg skulle eg har vore i 65-årsdagen til onkelen min. No kjem eg for seint, seier kapteinen.

Han seier han har hatt betre opplevingar i Sogn.

– Men bortsett frå kampen er vi blitt tekne godt i mot. Vi har til og med fått lånt bussen, seier kapteinen.

Stabæk

OPPLEVING: Andreas Hanche-Olsen på ferjeturen mellom Sogndal og Lærdal.

Foto: Morten Morisbakk Skjønsberg

Ikkje poeng

Dagleg leiar Egil Mundal i Sogndal Fotball har ingenting imot at klubbussen vert lånt ut.

– Her har busselskapet vore sørvisinnstilt og tenkt at dette er eit fotballag, og dermed lånt dei vår tilpassa buss. Det er heilt greitt.

– Men hadde dei reist av garde med tre poeng i bussen også, så hadde det vore verre!