Hopp til innhold

Ståande applaus for vestlandsk julefest

Det vart ståande applaus då NRK baud opp til julefest i Grieghallen i Bergen. Konserten skal spreie julestemning for TV-sjåarar over heile landet første juledag.

Ståande applaus for julekonserten i Greighallen
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Det var veldig spesielt og gav ei god kjensle. Resultatet vart endå betre enn eg håpte på førehand. Det er ikkje så ofte ein får arrangere konsert i Grieghallen. Så eg måtte klype meg litt i armen, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle.

Sjeldan har så mange artistar frå Vestlandet vore samla i Grieghallen samtidig som under julekonserten tiande desember. Konserten var eit samarbeid mellom dei tre vestlandske NRK-kontora i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det er første gong NRK-avdelingane på Vestlandet går saman om ei slik musikalsk storsatsing. Sjursen Takle fortel at det fungerte godt.

– Vi i NRK har nok kome endå litt lenger enn politikarane her i vest. Det var NRK sin regiondirektør som kom med ideen om gjere det til ei vestlandsk førestilling. Vi har samarbeidd ein del med Hordaland tidlegare, men no vart det eit skikkeleg vestlandsprodukt.

Skape ei stemning

Første juledag blir konserten sendt ut til TV-skjermar i heile landet, via NRK1. Før konserten laurdag var målet å fylle Grieghallen. I romjula blir bileta frå konserten sendt ut til TV-skjermar i heile landet, etter «Året med kongefamilien» første juledag. Sjursen Takle håpar programmet vil få sjåarane i rett stemning.

– Det er ikkje ein tradisjonell julekonsert, men vi vil gi sjåarane ei stemning. Både dei som ser med familien sin og dei som sit åleine. Det blir ein god blanding av nye og gamle julesongar, og nokre nye artistsamarbeid. Så blir det heile avslutta med Morten Abels nye nyårssong «Godt nytt år».