Hopp til innhold

Endeleg fekk Selje-folket avduka statuen dei har venta på så lenge

Som eit symbol for legenda og historia, vart statuen av St. Sunniva i dag avduka på torget i Selje.

St. Sunniva-statue

AVDUKA: Fylkesmann Anne Karin Hamre stod for den offisielle avdukinga av St. Sunniva-statuen i Selje.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Fylkesmann Anne Karin Hamre stod for den offisielle avdukinga i eit strålande sommarvêr, og dei mange frammøtte kunne endeleg ta den flotte, tunge statuen nærare i augesyn.

– No har vi venta på ho og segna kan leve vidare. Dette er eit viktig historisk augneblink, sa hotelldirektør i Selje, Gerd Kjellaug Berge, då statuen kom til Selje for få dagar sidan.

Bilethoggaren Arne Mæland har stått for det kunstnariske uttrykkjet på statuen, som står med augene vendt utover mot klosterøya Selja.

I dag kom han i helikopter (!) til Selje, og til stor jubel frå dei frammøtte signerte han kunstverket sitt. Eit kunstverk som skal stå til evig tid som eit minne om dei gamle segnene om St. Sunniva.

Arne Mæland

SIGNATUR: Kunstnar Arne Mæland signerte kunstverket sitt etter avdukinga i Selje i dag.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Legenda fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne. Dei rak i land på Selja og budde i bergholer.

Då Håkon jarl drog til øya for å drepe «inntrengjarane», rømde Sunniva med flokken sin inn i ein steinheller. Opninga rasa att bak dei, og irane vart levande gravlagde. Noko seinare fann kjøpmenn lysande og særs velluktande bein i hellaren, og tok dei med til kong Olav Tryggvason. Sunniva er den einaste kvinnelege helgenen i Norge.

Statuen av Sunniva skal setjast opp på torget rett framfor prestegarden og med utsikt med klosterøya. St. Sunniva er hogd på ein historisk stad, nemleg der David-statuen av Michelangelo blei laga. Det er bilethoggaren Arne Mæland som har stått for arbeidet.

St. Sunniva

SLIK SER HO UT: Statuen av St. Sunniva har utsyn mot Selja og det gamle klosteret.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK