Hopp til innhold

Spytta på lensmannen – må i fengsel

Då ein nordfjording i 30-åra skulle i arresten spytta han like greitt to gonger på lensmannen.

Nordfjordingen er dømd til fengsel i elleve månader for spytting på ein offentleg tenestemann, og for fleire andre straffbare forhold.

Det var ei natt i mars at mannen stal ein bil. Han fekk politiet på døra etter at dei hadde fått nyss i saka. Då politiet vekte mannen blei han aggressiv, og politiet brukte makt for å få kontroll.

Då politiet fekk 30-åringen inn i politibilen kom mannen med drapstrugslar og forsøkte å skalle til eine politibetjenten. I det mannen skulle settast i arrest spytta han to gonger på lensmannen.

Frådømt førarretten på livstid

Nordfjordingen var tiltalt for seks ulike punkt då han møtte i Sogn og Fjordane tingrett. Retten fann han skuldig i alle tiltalepunkta.

Blant anna fann dei mannen skuldig for køyring i rusa tilstand, noko mannen tidlegare er dømd for. Retten har pålagt 30-åringen sperrefrist for å få førarkort på motorvogn for alltid.

Nordfjordingen får eit frådrag for 18 dagar i varetekt på dommen om elleve månadar i fengsel. Mannen er domfelt fleire gonger tidlegare. Blant anna for tilsvarande vald og truslar.